Storfjorden barnevern

Når du treng barnevernet ringer du 70 24 40 00, eller møter direkte opp på Skodje rådhus (opningstid 0900-1500). - Klikk for stort bilete

Storfjorden barnevern er ei interkommunal barnevernteneste for kommunane Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.

Storfjorden barnevern tilbyr hjelpetiltak for å forebygge og for å avhjelpe barn med vansklege omsorgsvilkår.

Barnevernet kan tilby konsultasjon i alle samarbeidskommunane.

Kontaktinformasjon

Generell informasjon om barnevern

 

Skjema:

Søknad om hjelpetiltak (PDF, 243 kB)

Skjema for bekyrmingsmelding (PDF, 90 kB)

Organisering:

Skodje kommune er vertskommune for eininga Storfjorden barnevern. Eininga er ei frittståande og samarbeider med kommunane sine andre einingar.

Storfjorden barnevern arbeider etter spesialistmodell med følgande inndeling:

Team Mottak og undersøking. Dei tilsette er barnervernkonsulentar med ansvar for utgreiing av omsorgsbehov og omsorgskompetanse

Team Tiltak som består av tre underteam

Team for oppfølging av barn med hjelpetiltak.  Dei tilsette er barnevernkonsulentar med saksbehandlingsansvar og ulik vidareutdanning

Team for oppfølging av barn som bur utanfor biologisk heim. Barnevernkonsulentar, familieterapeut og tilsynsførar

Team for utøvande tiltak etter enkeltvedtak. Tiltakskonsulentar med ulik erfaring og evidensbasert kompetanse som familieterapi, ICDP, COSP og PMTO

Samarbeid

Helse, Barnehage, Skule og Flyktningtenesta er naturlege samarbeidspartar som innfrir til fleirfagleg tenking og heilhetleg forståing av barn og unge sin situasjon.

Storfjorden barnevern er tverrfagleg samansett av tilsette med utdanning som  barnevernpedagog, sosionom, sjukepleiar, familieterapeut og spesialpedagog.

Visjon:

Med barnet i sentrum. 

Verdisyn:

Barneverntenesten har ei overordna forståing av barnet si utvikling er eit resultat av arv og miljø.  Gjennom gode oppveksvikår vil barn utvikle seg til å verte trygge, inkluderande og sjølvstendige. Det er eit mål at barn skal nå sitt eige potensial og oppleve god eigenverd.

Barn har rett til god og utviklingsstøttande omsorg. Barnet er ein del av familien og samfunnet. Storfjorden barnevern ser heilhetleg på barnet sin situasjon og kan sette inn hjelpetiltak på fleire nivå for å rette opp og forebygge skeivutvikling hos barn.

Satsing i 2018

Storfjorden barnevern har i inneverande periode særleg kompetansefokus på :

​-  Barn som lever med tilknytingsvanskar

​-  Utviklingsfremjande tiltak. ICDP, COS for å styrke tilknyning mellom foreldre og barn

​-  Traumebasert barnevern. Kunnskap om hjernen bidreg til å forstå barns reaksjonmåter

​-  Kvalitetetssikre undersøkelse og evalueringsarbeidet rundt barns omsorgssituasjon

​-  Familie og nettverksarbeid. Tidleg involvering av familie og andre nære, rundt barn som har det vanskeleg

- Tverretatleg samhandling. Styrking av førebyggjande team for å sikre tidleg innsats

 

Storfjorden barnevern er Mitt Liv-barnevern i samarbeid med Forandringsfabrikken

SLT - forebygging på lokalt plan

Rus og krimminalitetsforebyggande arbeid i samarbeid med folkehelsekoordinator og politi

d

Sist endra 03.04.2018 20:01
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Nyttig på nett for ungdom
ung.no - Info for ungdom
Gratis nødtelefon for barn / unge