Bustøtte

I Husbanken kan du søkje om bustønad og startlån. - Klikk for stort bilete

 

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.

Kva er bustøtte?
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kor er bustøttekontoret i kommunen?
Mathilde Solbakken er kontaktperson i høve bostøtte. Ho har kontor på Skodje rådhus. Ho kan bli nådd på telefon 70 24 40 13 eller e-post

Sjekk om du kan få bustøtte
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte  
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Meld frå om endringar
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.  

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk
• Lov om bustøtte
• Forskrift om bustøtte

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Bustønad og startlån