Tilskot til etablering og tilpasning av bustad.

http://creativecommons.org/licenses/by/3.0/ - Klikk for stort bilete Skodje kommune har fått midlar til vidarefordeling frå Husbanken til etablering og til tilpassing av bustad.

Tilpasning:
Dersom du har behov for å få tilpassa bustaden din kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar eller tilpasningar.
Tilskotet skal bidra til at personar med behov for tilpassa bustad får finansiering til å tilpasse bustaden sin, samt å auke tilgjengelegheita i bustadmassa.
Du kan lese meir her: Tilpasning av bustad

Før ei eventuell tilpasning kan det vere aktuelt å søke om tilskot til utredning og prosjektering. Meir informasjon om ordninga: Prosjektering

Etablering:
Bustadtilskot kan gå til kjøp/oppføring av bustad, heilt eller delvis i kombinasjon med startlån og/eller anna grunnfinansiering.
Du kan lese meir her: Etablering i eigen bustad

Kven kan få tilskot? 
Bustadtilskot er behovsprøvd og gjeld spesielt grupper med svak økonomi blant enkeltpersonar utan bustad,  barnefamiliar, eldre som har behov for tilpasning av bustad, funksjonshemma, flyktningar, rusmisbrukarar, personar med psykiske vanskar og sosialt vanskelegstilte husstander elles


Kor mykje tilskot? 
Størrelsen på tilskotet vert gitt ut i frå tilgjengelige midlar samt ei heilskapsvurdering av økonomi, behov og mulegheiter for støtte frå andre offentlege støtteordningar.

Korleis søkjer du? 
Det er den enkelte kommune som behandlar søknaden.
Søknad sendast til Skodje kommune, Nihusvegen 3, 6260 Skodje.

Søknadsfrist: 15.06.2019.  Søknadsskjema 

Ved spørsmål ta kontakt med Camilla Almås, 99493553, eller Veronica Sollied, 70244024.

Sist endra 02.05.2019 10:46
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Bustønad og startlån