Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Alle kvinner født 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og mellom 65 og 100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare òg få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig, og varer i ein toårsperiode fra hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

Dersom du ønskjer desse vaksinene kan du kome til Skodje helsestasjon for ungdom på Skodje helsestasjon. Tidspunkt: Måndagar kl. 14.00 - 15.30 frå og med 1. november 2016. Du treng ikkje avtale time på førehand.


Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine på Folkehelseinstituttet si nettside.

Sist endra 17.07.2017 11:00
   

Kontaktinformasjon

Helsesenter
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : legekontor@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 60

Faks
: 70 24 40 79
Beredskap
: 70 24 40 70
Opningstid
: 08.30-15.30

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Pasient- og brukarombod