Helsestasjon for ungdom

bilde_ungdommens_helsestasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til ungdom frå 13-20 år.

Det er ope kvar måndag kl. 15.00 - 16.00.

                         

Lege er tilgjengeleg mellom kl. 15.00 og 16.00.

Det er ikkje nødvendig med timebestilling.

Stad: Skodje Helsestasjon

Skodje Helsesenter, 1 etasje (Nordfløya av rådhuset)

Niusvegen 3

Telefon (sentralbord) : 70 24 40 60

Ragnhild Kaldhussæter   :  70 24 40 72            

Jane Reite Grøtteland   : 918 89 379 /  70 24 40 71  

 

Helsestasjon for ungdom

Tilbodet er ein del av den lovbestemte helsetenesta i kommuna.

Tenesta består av helsesøster og lege, og vi har lovbestemt taushetsplikt.

 

Helsestasjon for ungdom tilbyr:

  • råd/veiledning om prevensjon, graviditet og abort
  • resept på prevensjonsmidler
  • gratis kondomer
  • råd/veiledning i forhold til kost, søvn, depresjon,angst, sorg, einsemd, vald, overgrep og mobbing  

 

 Gratis HPV-vaksine til kvinner født 1991 og seinare

Alle kvinner født 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og mellom 65 og 100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare òg få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig, og varer i ein toårsperiode fra hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.

Dersom du ønskjer desse vaksinene kan du kome til Skodje helsestasjon for ungdom på Skodje helsestasjon. Tidspunkt: Måndagar kl. 14.00 - 15.30 frå og med 1. november 2016. Du treng ikkje avtale time på førehand.


Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine på Folkehelseinstituttet si nettside.

 

 

Nyttige Lenkjer:

ung.no - informasjon og spørreside om alt frå skule og utdanning til helse og jobb

sexogsamfunn.no - informasjon om seksualitet og seksuell helse

slettmeg.no - hjelp for å bli sletta på sosiale medier

korspahalsen.no - snakk eller skriv til frivillige i Røde Kors. Anonymt og gratis.

morild - nettside for deg som har ein far eller mor med psykiske problem 

informasjon om alarmtelefonen for barn og unge

 

Nokre nyttige telefonnummer :

Alarmtelefon for barn og unge: 116 111. Gratis. Ope også på helligdagar. 

Kors på halsen: 800 333 21 (mandag-fredag frå 14.00-22.00) . Gratis teneste. Du kan prate/chatte anonymt om det du ønsker med voksne som er frivillige i Røde kors

Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnope for menneske i krise).

                

Sist endra 20.05.2019 09:25
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a