Jordmorteneste

Jordmor: Randi Eggereide

Kontrollar

Legane og jordmor ved Skodje helsesenter samarbeidar om kontrollane. Dei gravide kan sjølv velje om dei vil gå enten til jordmor eller lege, eller til begge.

NB! Ta med urinprøve til alle konsultasjonar (morgonurin - vaskeprøve)

Den gravide vil få tilbod om ultralydundersøking mellom 17.-19. svangerskapsveke. Denne undersøkinga går føre seg på Ålesund Sjukehus.

Ved spesielle behov

Enkelte svangerskap  vil krevje ei tettare oppfølging. Årsakene kan vere av både psykisk og fysisk art. Vi ser det som viktig å samarbeide med andre helseprofesjonar der det er naudsynt for å fremje din og barnets helse i svangerskapet og i tida etterpå.

Kurs

Helsestasjonen arrangerer foreldreførebuande samling. Påmelding skjer til jordmor.

Time til lege/jordmor bestillast over tlf. nr. 70 24 40 60

Ønskjer du kontakt med jordmor/lege utanom konsultasjonane kan du ringe legen i telefontida. Jordmor er ved legekontoret to dagar i veka, måndagar og torsdagar.

Kommunejordmor i Skodje er òg kommunejordmor for Ørskog, Stordal og Norddal, og jobbar ved helsestasjonen på Sjøholt på tysdagar og fredagar.

Sist endra 13.12.2018
   

Kontaktinformasjon

Elin Kilvik Skeide
Skodje Helsesenter Rådhuset
6260 Skodje
E-post : jordmor@skodje.nhn.no
Telefon
: 70 24 40 67

Faks
: 70 24 40 79

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a