Følg fellesnemnda sitt møte direkte

Felles_kommunestyremoete.jpg - Klikk for stort bilete

Fellesnemdna i nye Ålesund har sitt første møte i dag, 24. august, klokka 12.00. Du kan følge møtet på nett-tv.

 

Sidan det første møtet er i Ålesund rådhus, blir møtet streama over bystyrets web-tv. Velg fellesnemnda. Sendinga startar ikkje før møtet byrjer.

 

Fellesnemnda i nye Ålesund har fem politiske medlemmer frå kvar kommune i den nye kommunen – Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

 

Fellesnemnda skal fungere som eit felles kommunestyre for arbeidet i den nye kommunen i perioden fram til 1. januar 2020 då den nye kommunen skal tre i kraft og det valde kommunestyret med 77 representantar skal overta.

 

I det første møtet så skal fellesnemnda konstituere seg, velje prosjektstyringsverkty, gå gjennom mandata til delprosjekta.

Du finn alle sakspapira under Om nye Ålesund kommune > dokument >fellesnemnd.

 

Les også: Fellesnemndna møtast første gong

 

Framtidige møter

Som dei andre møtene i prosjektet for å skape nye Ålesund kommune vil fellesnemnda sine møte haldast i alle kommunane.

Sist endra 24.08.2017 11:01
   

Kontaktinformasjon

Elin Kilvik Skeide
Skodje Helsesenter Rådhuset
6260 Skodje
E-post : jordmor@skodje.nhn.no
Telefon
: 70 24 40 67

Faks
: 70 24 40 79

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a