Siste nytt i arbeidet mot ny kommune

Illustrasjon planar.jpg - Klikk for stort bilete Skodje, Sandøy, Ålesund og Ørskog deltok mandag 31.okt og tirsdag 1. november på oppstartsseminaret som var det  første tilbudet i ei lengre seminarrekke som er under planlegging hausten  2016 og våren 2017.

Det er  Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS, Unio Kommune, KS Kommune, LO Kommune og Akademikerne kommune som  har  inngått ein avtale som gjev dette tilbodet.
Invitasjonen har gått til  kommunar som har vedteke gjensidig samanslåing i sine kommunestyre, og der nasjonalt vedtak skal fattast i Stortinget våren 2017.
 
Første samling la vekt på overordna organisering og styring av samanslåingsprosessen og gav nyttig kunnskap om gode grep og milepælar fram mot samanslåing.

Det vart mellom anna diskutert:
• Kva er lurt å gjere når?
• Korleis bør arbeidet organiserast, og kva for styringsdokument er lurt å ha?
• Kven skal med, og når?
• Kva for lovverk gjeld, og kva seier det?

Alle innlegga i seminaret kan sjåast her:

http://www.ks.no/fagomrader/samfunn-og-demokrati/kommunereformen/ks-tilbud-til-kommunene/stor-interesse-for-seminar/

Frå nye Ålesund kommune deltok politikarane som utgjer styringsgruppa for prosessen, to tillitsvalde frå kvar kommune,  rådmennene, samt leiarar og administrativt tilsette som rådmennene vurderte som aktuelle for dei tema som var sett opp i dette første seminaret.

Styringsgruppa vurderer kva for deltakarar som bør reise til dei neste samlingane, alt etter kva for tema som vert sett opp.

10. november er neste møte i styringsgrupa for nye Ålesund kommune. Innspel og idear frå dette seminaret vil då nyttast i diskusjonen kring organisering av vårt prosjekt.

Sist endra 02.11.2016 10:35
   

Kontaktinformasjon

Elin Kilvik Skeide
Skodje Helsesenter Rådhuset
6260 Skodje
E-post : jordmor@skodje.nhn.no
Telefon
: 70 24 40 67

Faks
: 70 24 40 79

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a