Kreftkoordinator

Har du kreft eller kjenner nokon som har kreft?

Skodje kommune har kreftkoordinator som kan vere ein støttespelar.

 Kva kan  kreftkoordinator hjelpe deg med?

  •  Kartleggje situasjonen saman med deg
  •  Bidra til at du og/eller dine pårørande har nokon å snakke med dersom du/dykk ønskjer dette
  •  Gje råd og rettleiing om ulike tenester, rettigheiter og tilbod
  •  Bidra til planlegging og koordinering av tenester ved behov

Kven kan ta kontakt?

  •  Du som har eller har hatt ein kreftsjukdom
  •  Du som er pårørande til ein som er ramma av kreft
  •  Barn og unge som er pårørande til ein som har kreft
 

Korleis ta kontakt?

  •  Du eller dine pårørande kan ringe, sende E – post eller SMS, eller be andre ta kontakt på dine vegne. (Ver merksam på at du ikkje må sende helse- og personopplysningar på E-post og SMS)
  •  Du treng ikkje henvisning
  •  Dette er ein gratis teneste
  •  Kreftkoordinator har teieplikt

Kreftkoordinator: Marianne Sneis

Kontorstad: Koordinerande eining, Skodje Rådhus

Telefon: 47 70 04 17

E-post

Brosjyre (PDF, 400 kB)

Sist endra 03.03.2017 12:40
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a