Legevaktberedskap

Ålesund legevakt - Klikk for stort bileteÅlesund legevakt

Øyeblikkeleg hjelp dagtid (kl. 08.00 – 16.00) -  tlf. 70 24 40 70 eller 113 - Skodje helsesenter

Legevakt kveld/natt/helg (16.00-08.00) -    

tlf. 70 14 31 13 eller 116 117 - Ålesund legevakt

Akutt: 113

116 117 er eit nytt nasjonalt nummer til legevakta. Når du ringer dette nummeret, kjem du til legevakta der du oppheld deg, uansett kor i Norge du ringe frå. Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobil, og er gratis.

Dei gamle faste legevaktnummera fungerer som før.

Legevakta betener Ålesund, Giske, Sula, Haram, Stranda, Sykkylven, Vestnes, Ørskog, Stordal, Norddal og Skodje.

Alle kommuner i Norge har ei legevaktordning for øyeblikkeleg helsehjelp heile døgnet. Når du ringer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld.

Dersom det er akutt og stend om liv, ring 113.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

• 702 44 060 i opningstiden, alle fastlegekontor har daglig ledige akutt timerNødnummer for øyeblikkelig hjelp. - Klikk for stort bilete

• Legevakt 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente

• 113 når det er akutt og stend om liv

Dei gamle lokale telefonnummera til legevaktene vil fortsatt virke.

Bakgrunnen for eit felles nummer er mellom anna at det er lettare å huske og enklare å forholde seg til når ein reiser eller flytter. Medan ein stor del av befolkninga veit at 113 er nummeret til medisinsk naudhjelp, kjenner berre eit fåtal til nummeret til si lokale legevakt. At legevakta fleire stader har hatt ulikt nummer til ulike tider på døgnet har ikke gjort det lettere for brukerne.

Fastlegen kan også gi hjelp raskt

Hvis du trenger hjelp på dagtid, skal du først ringe fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gi deg ein time same dag dersom situasjonen krev det.

Kva kan legevakta gjere for deg

Når du ringer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, til dømes på ferie eller reise.

Dersom du trur det er akutt og stend om liv, ringer du medisinsk naudhjelp 113.

Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet. Du bør ringe på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.

Oppgåvefordelinga mellom fastlege og legevakt blir ikkje endra. Legevakta skal berre nyttast til å dekke øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handteres av eigen fastlege.

​21.03.2017 flyttar Ålesund lokalmedisinske senter til Åsesvingen 16.

Kart til legevakta (PDF, 547 kB)

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a