Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er førebyggjande helsearbeid som er opptatt av alle tilhøve ved miljøet som fremjar helse eller er årsak til sjukdom.

Arbeidet med miljøretta helsevern er heimla i Kommunehelsetenestelova, kap. 4a, og femner om alle faktorar som direkte eller indirekte kan ha innverknad på menneska si helse. Desse femner om blant anna biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar.

 Arbeidsoppgåver:

 

  • Helsetilhøve ved bygningar og institusjonar (Helse og hygiene, oppfølging av "røykelova", inneklima ved: barnehagar, skular, frisør, solarium, overnattings- og serveringsstader, helseinstitusjonar, forsamlingslokale)
  • Støykontroll (trafikk, bygg- og anleggsverksemd, industri, skytebanar, konsertar)
  • Strålingskontroll (radon, elektromagnetiske felt, UV- stråling)
  • Drikkevatn
  • Avlaupsvatn, kontroll med vassforureining
  • Avfallshandsaming
  • Forureining til luft, jord og vatn
  • Skadedyrbekjemping (Insekter og skadedyr som kan vere smitteberarar)
  • Helse i planlegging (uttale til arealplanar, reguleringsplanar, planar for bustadbygging etc.)
  • Offentleg rekreasjon og turisme (bassengbad, badeanlegg, badeplassar, campingplassar)
  • Ulykkesførebyggjande arbeid
  • Sosiale miljøfaktorar (nærmiljø)
  • Helsemessig beredskap, overvaking og kontroll med smittsame sjukdomar
  • Generell hygiene

Arbeid med miljøretta helsevern i helsetenesta skjer i samarbeid med andre kommunale etatar (teknisk, skule/barnehagar).

I Skodje kommune er vedtaksrett, med visse unntak, delegert til kommuneoverlegen.

Mattilsynet i Ålesund er delegert mynde i saker som vedrører næringsmiddelhygiene.

Definisjonar

Kommunelege I/kommuneoverlege:

Ein lege som kommunen etter lov om helsetenesta i kommunane er pliktig til å tilsette og som er tillagt mynde i lovens bestemmelser om miljøretta helsevern og i lov om smittevern og evt. i tillegg kan gis mynde gjennom kommunale vedtak.

Kommunelegen skal være medisinsk fagleg rådgjevar for helsetenesta gjennom først og fremst å informere, vegleie og samordne helsetenesta, forutan til ein viss grad å føre tilsyn og instruere. Kommunelegen si tilråding og grunngjeving skal alltid følgje saker om miljøretta helsevern og smittsame sjukdomar. Kommunelegen sine oppgåver femner om òg til ei kvar tid å ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og dei faktorar som kan påverke denne og foreslå helsefremjande og førebyggjande tiltak i kommunen. Kommunelegen er òg sentral i kommunen si oppbygging og drift av internkontrollsystem på dei område som krev medisinske kunnskapar.

Miljøretta helsevern:

Del av kommunen si helseteneste som arbeider spesielt med faktorar i miljøet som kan ha betying for arbeidet med å fremje helse og førebyggje sjukdom, skade eller lyte. Desse faktorar femner om blant anna biologiske-, kjemiske-, fysiske- og sosiale miljøfaktorar.

Førebyggande tiltak:

Femner om  vaksinering, screening-undersøkjing, helsekontrollar, helseopplysning, familieplanlegging, samt miljøretta helsevern, smittevern, lovgjeving og reguleringstiltak.

Tilsette som arbeider med Miljøretta helsevern i Skodje kommune:

  •             Kommuneoverlege Olav Mestad
  •             Leiande helsesøster Ragnhild Kaldhussæter
  •             Helsesøster Mildrid Balstad

Telefon (sentralbord på Skodje Helsesenter) 70 24 40 60, telefaks: 70 24 40 79

Ekspedisjonstid 08.30 - 15.30.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a