Eining for Integrering og Kvalifisering

Eining for Integrering og Kvalifisering vart oppretta 1. januar 2017.

Skodje Kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI. For året 2015 vedtok kommunestyret å ta imot 5 flyktningar, for 2016 ble det bestemt å ta i mot 17 flyktningar. For 2017 vil det kome inntil 15 personar. Familiegjenforening kjem i tillegg til dette talet.


Per 1.1.2017 er det busett 45 flyktningar (både barn og vaksne) i Skodje.

Introduksjonsprogrammet

Kommunen pliktar å tilby eit fulltids introduksjonsprogram og alle flyktningar som blir busett i Noreg har plikt til å delta. Programmet inneheld opplæring i norsk og – samfunnskunnskap, i tillegg til språk- og arbeidspraksis. Programmet har ein varigheit på opptil 2 år. Målet med programmet er å kvalifisere deltakarane for arbeid eller vidare utdanning.

Oppgåvene til flyktningtenesta

I Skodje kommune har alle dei kommunale tenestene ansvar for å busetje flyktningar innanfor sine tenesteområde. Flyktningtenesta jobbar difor opp mot m.a barnehage, skule, frivilligsentral og ulike helsetenester i kommunen, og har i denne samband ei koordinerande rolle.

Flyktningtenesta skal m. a:
  • Koordinere tenester med andre kommunale einingar
  • Løyse det praktiske ved busettinga
  • Kontaktledd mellom kommune, lokalsamfunn og flyktning
  • Gje rettleiing og opplæring til flyktningane (bu i norsk bustad, kunnskapar ein må ha for å bu i Noreg).
  • Tilretteleggje for integreringsarbeid
  • Oppfylgjing av introduksjonsprogram i samsvar med introduksjonslova

 

Fagleiar:

Sam Gobert 

sam.gobert@skodje.kommune.no

Tlf: 70 24 40 33

Miljøarbeidar:

Tanya Hunhammer

tanya.hunhammer@skodje.kommune.no

Tlf: 70 24 40 21
 

Sist endra 27.01.2017 10:12
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Utlendingsdirektoratet