Krisesenteret

Kvinner eller menn som er, eller har vore, utsett for psykisk og fysisk vald kan kontakte Krisesenter for Sunnmøre.

Tilbodet er interkommunalt for kvinner, barn og menn av alle nasjonalitetar. Du kan vere utsatt for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone/mann, barn og barnebarn eller andre. Tilbodet er gratis. Du tar direkte kontakt med oss, og treng ikkje tilvising eller timeavtale.

Vi støtter og gir råd på telefon gjennom både dagtilbod og døgntilbod. Her er eit trygt og mellombels butilbod (aleine eller saman med born). Vi hjelper med kontakt til naudsynt støtteapparat og skal sikre oppfølging.

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike tenestestader i Ålesund:

·Krisesenter for Sunnmøre- avdeling kvinner 70 16 33 33

·Krisesenter for Sunnmøre- avdeling menn 90 70 74 33

Krisesenteret har også eiga heimeside: http://www.alesund.kommune.no/sub/krisesenter/

Her finn du meir informasjon om krisesenteret og dei tenestene du kan få der!

Illustrasjon krisesenter - Klikk for stort bilete

Sist endra 18.10.2017
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a