Kultureininga

  - Klikk for stort bilete Einingsleiar er kultursjef Magne P. Fylling, som har kontor i Gomerhuset.

Telefon: 70 24 41 90 /483 00 559

E-post: magne.fylling@skodje.kommune.no

Postadresse
Skodje kommune
Kulturavdelinga
Rådhuset
6260 Skodje

Kultureininga yter tenester på desse områda:

Skodje bibliotek, som er eit kombinasjonsbibliotek med folkebibliotek og to skulebibliotek.

Skodje kulturskule.

Støtte til arbeid med kulturarrangement på skulane, slik som UKM - Ungdommens kulturmønstring og DKS - Den kulturelle skulesekken.

Saksbehandling i kultursaker, som spelemidlar, kulturmidlar og kulturpris.

Organisere bruken av Gomerhuset. Vi har oppretta ei eiga heimeside, www.gomerhuset.no, som informerer om kulturlivet både på Gomerhuset og elles. De vil m.a. finne ein kulturkalender, informasjon om frivillege lag og organisasjonar og ha høve til å kjøpe billettar til større publikumsarrangement på nett.

Serviceerklæring:

I personalmøte i kultureininga 11.02.11 utarbeidde vi slik serviceerklæring for korleis vi ønsker å framstå i møte med tenestemottakarar:
 

  • Vi vil vere imøtekommande og hyggelege.
  • Vi vil spørje så lenge at vi veit nøyaktig kva du som tenestemottakar er ute etter.
  • Vi vil arbeide for å utvikle gode relasjonar til alle innbyggarar i kommunen.
  • Vi vil ha respekt for tenestemottakarane, og behandle alle likeverdig.
  • Vi veit kor viktig teieplikt er i eit tillitsforhold, og vil vise at vi er til å stole på.
  • Vi vil vere lojale i forhold til arbeidsgjevar. Det betyr at vi ikkje vil love meir enn vi kan halde.

 

Magne P. Fylling
- kultursjef-

Sist endra 25.08.2016 09:14
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Kulturkalender