Eldsjelprisen

Dette er ein årleg pris, som skal gå til eldsjeler i Skodje kommune. Dette kan vere enkeltpersonar eller grupper av personar som gjer eit verdifullt frivillig arbeid for andre. Det skulle være nok av gode kandidatar å ta av. Prisen kom i stand i 2001 som var FN sitt år for frivillig arbeid. Tiltaket var eit initiativ frå verdirådet i Skodje kommune.

Sist endra 08.08.2019

STATUTTAR FOR TILDELING AV ELDSJELPRISEN

1. Formål
Eldsjelprisen skal delast ut kvart år til ein person som har ytt ein særleg stor friviljug innsats i Skodje kommune. Arbeidet skal vere knytt til humanitære eller kulturelle tilhøve i kommunen. Prisen kan delast på fleire.

2. Prisbeløp m.m.
Formannskapet vedtek 1. året i valperioden kor stor prisen skal vere for heile valperioden. I tillegg til prisbeløpet skal prisvinnaren tildelast eit bilete av Skodjebruene. Vert prisen tildelt fleire personar skal prisbeløpet delast likt

3. Annonsering og framlegg
Eldsjelprisen skal annonserast i lokalpressa, på kommunen si heimeside og i Kommunenytt. Enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. I tillegg kan formannskapet kome med framlegg til kandidatar. Alle framlegg skal vere skriftlege med grunngjeving.

Framlegga må vere kommunen i hende innan 15. september.

4. Vedtak om tildeling av prisen
Formannskapet gjer vedtak om tildeling av eldsjelprisen. Prisen skal delast ut under eit arrangement i kulturveka eller anna passande arrangement same året. Det er ordføraren som skal stå for overrekkinga.


Tidlegare vinnarar:

2018: Bodil Grindvik Uri

2017: Harald Honningdal

2016: Hilmar Stein

2015: Kåre Urke

2014: Paul Birger Tysnes

2013: Kjell Sve

2012: Jon Arne Torset

2011: Erna Svorte og Arne Lid Skodje

2010: Hilda Ytreberg

2009: Inga tildeling

2008: Karsten Grindvik

2007: Randi og Ole Johan Erstad

2006: Gunnar Hamnøy

2005: Odd Grande

2004: Konrad Fremmerlid

2003: Øystein Strømsvik

2002: Skodje Røde Kors, besøkstenesta

2001: Klara Grindvik

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a