Kulturkalender for Skodje

Kulturkalender for Skodje

I møte 19.01.12 der alle frivillege lag i Skodje var invitert, blei vi samde om å bruke kulturkalenderen i Kulturnett Møre og Romsdal som lokal kulturkalender.

Grunngjevinga er:
- Ved å velje Skodje, får vi fram berre det som skjer i kommunen vår.
- Ved å velje Alle, kan vi sjå kva som skjer i andre kommunar.
- Alt av arrangement kan leggast ut; konsertar, forestillingar, idrettsarrangement og turar i friluft.
- Alle kan legge inn arrangement utan passord. - Ved å bruke denne kulturkalenderen blir vi også meir fortrulege med nettportalen Kulturnett Møre og Romsdal, som inneheld mykje lokalt kulturstoff.

NB! Arrangement på Gomerhuset vil framleis bli lagt inn på gomerhuset.no.

Publisert av Magne Fylling. Sist endra 23.02.2016

Interkommunalt Arkiv (IKA) for Møre og Romsdal er eit eige selskap som vart starta i april 2000.
IKA Møre og Romsdal er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i heile fylket, frå Volda i sør til Smøla i nord.
Hovudkontor med ni tilsette ligg i Ålesund.

Kulturnett Møre og Romsdal er ein del av IKA, og vart oppretta av Fylkeskulturutvalet i april 2004.

Føremålet med Kulturnett Møre og Romsdal er å synleggjere kulturen i fylket både i fortid og notid. Det er meint å vere eit tilbod for folk flest der ein kan få oversikt over kulturen i fylket og gjere seg nytte av den. For kulturaktørane er det ein eineståande reiskap til å formidle kultur og informasjon på nettet.

Kulturnettet gir publikum tilgang til ein nettstad med oversikt over nyhende, arrangement, informasjon om ulike kulturtema, institusjonar/organisasjonar, kulturminne og personar innan kultur, og tilgang til organisert informasjon som t.d. arkivstoff og andre kjelder til kultur, historie og samtid.
Databasar med ulike data, t.d. foto og stadnamn, er gjort tilgjengelege.

Internettadressa til Kulturnett Møre og Romsdal er www.moreogromsdal.kulturnett.no

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a