Kulturpris

STATUTTAR FOR TILDELING AV KULTURPRIS

1. Formål

Kulturprisen skal delast ut annakvart år til ein person eller organisasjon som har ytt ein særleg stor innsats i Skodje kommune for å fremje kulturarbeidet eller gjere kultur tilgjengeleg for innbyggarane i kommunen. Prisen kan delast på fleire.

2. Prisbeløp m.m.
Formannskapet vedtek 1. året i valperioden kor stor prisen skal vere for heile valperioden. I tillegg til prisen skal prisvinnaren tildelast eit bilde av Skodjebruene. Vert prisen tildelt fleire personar skal prisbeløpet delast likt.

3. Annonsering og framlegg til kandidatar
Kulturprisen skal annonserast i regionavis, lokalavis, kommunen si heimeside og i Kommunenytt. Enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar. I tillegg kan formannskapet kome med framlegg til kandidatar. Alle framlegg skal vere skriftlege med grunngjeving.

Framlegga må vere kommunen i hende innan 15. september.

4. Vedtak om tildeling av prisen

Formannskapet gjer vedtak om tildeling av kulturprisen. Prisen skal delast ut under eit arrangement i kulturveka eller anna passande arrangement same året. Det er ordføraren som skal stå for overrekkinga.

Tidlegare vinnarar:

2017: Jan Helge Andreassen
2015: Reidulf Erstad
2013: Lars Ørjasæter
2011: Harald J. Skodje
2010: Magne Fremmerlid
2007: Skodje idrettslag
2005: Skodje blandakor
2003:  Louis Karsten Giske
2001:  Jens Moe/Fjord Cadenza
1999:  Skodje Lions
1997:  Ikkje utdelt pris
1995:  Kårhild Ramstad
1993:  Olgar Stenseth
1991:  Klara Strand
1989:  Jostein Olav Engeset

Sist endra 20.09.2018
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a