Publisert 09.05.2017

Skodje kulturskule har innført nytt administrasjonssystem, Speedadmin.

Derfor må alle, også dei som har plass og vil halde fram, søkje på nytt!

(NB! Nytt ord i søknadsskjemaet: solo. Det betyr individuell opplæring.

Søknad kulturskuletilbod 2019/2020

Kulturskulen tilbyr skuleåret 2019/2020 undervisning i piano, song, aspirant blås og aspirant trommer.
Søknadsfristen for 2019/2020 er sett til 10. juni.

 

Informasjon om tenesta

For mål, innhald, reglar mm: sjå vedtektene (PDF, 8 kB)

Kva kan du forvente av oss?
- lærarar som set eleven i sentrum.
- lærarar som fortel kva som må til for å ha god utvikling i opplæringa.
- lærarar som prøver å gi tilbod om samspel, og legge til rette slik at alle som vil, får opptre for publikum minst ein gong pr skuleår.
- lærarar som tek kontakt med føresette minst ein gong pr skuleår for å drøfte krav, forventningar og utvikling.
- informasjon blir gitt på mobil, epost og heimesida.
- det vil bli teke kontakt dersom ein elev er borte utan melding to gonger etter kvarandre.

Kva forventar vi av brukarane?

Vi forventar at elevane:
- øver dagleg. Det er betre å øve 15 min kvar dag enn to timar ein gong pr veke.
- kjem presis til undervisning.
- melder frå om fråvær til lærar eller rektor.

Vi forventar at føresette:
- motiverer for og følgjer opp dagleg øving.
- tek del i eit systematisk samarbeid med kulturskulen .
- gir melding om endra e-postadresse og telefonnummer.

 

Litt om tilboda i kulturskulen:

All undervisning går føre seg på Gomerhuset!

Aspirant blås og Aspirant trommer
Frå 3. trinn. Individuell opplæring. Skodje skulekorps held med instrument.
Kulturskulen gir individuell opplæring på messingblås og trommer. Dei to første åra er aspirantopplæring.
Det er råd å halde fram med individuell opplæring på messingblås også etter at aspiranttida på 2 år er over.

Lærar: Jan Helge Andreassen
Tlf: 92 28 27 01
Epost: janhelge.andreassen@mimer.no

Piano
Frå 1. trinn. Individuell opplæring.
Alle må ha instrument heime dei øver på.

Lærar: Marc Labruijere
Tlf: 92 41 43 52
Epost: marclabru33@gmail.com

Song
Frå 5. trinn. Individuell opplæring.

Lærar: Maria Hiteva
Tlf: 41 01 87 41
 

Pris:
Individuelle tilbod: kr 3129,- pr. år (justert pr 01.01.19)
Gruppetilbod: kr 2380,- pr. år (justert pr 01.01.19)
 

De kan få sett litt av det som skjer ved kulturskulen anten på:

Kulturskulen si facebookside eller

Youtube, kanal pianoelev marc
 

Skodje kulturskule
6260 Skodje
Tlf 70 24 41 90

E-post magne.fylling@skodje.kommune.no
Einingsleiar for kultur og rektor for kulturskulen: Magne Fylling 70 24 41 90

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a