Publisert 30.04.2018

Formannskapet - sak 31/18: Det er gjort følgjande vedtak i saka:

1.Vegparsellen Niusvegen får endra skrivemåte til Nihusvegen. Grunngjevinga er at Stadnamnstenesta i merknad datert 25.09.2018  presiserer at fjellet som dannar føreledd til vegnamnet, skal skrivast Nihusen i offisielle samanhengar, etter vedtak 16. juni 1992.

Publisert 30.04.2018

Formannskapet - sak 33/18: Det er gjort følgjande vedtak i saka:
 
1. Vegnettet på næringsområdet på Håem får namnet Håem næringsområde.
Vegparsellen på Håem får namnet Karlvikvegen.
Vegparsellen på Tøssebru får namnet Tøssebruvegen.

Publisert 30.04.2018

Formannskapet - sak 32/18: Det er gjort følgjande vedtak i saka:

1. Vemøya og Dyrøya i Ellingsøyfjorden får status som adresseparsellar. Fritidsbustadene på Buholmen, Jensvikholmen, Ytste og Inste Mørkesetholmen skal ha adresse knytt til nærmaste veg. Øy-/holmenamnet kan om ønskeleg nyttast som adressetilleggsnamn.

Publisert 30.04.2018

Formannskapet - sak 34/18 Det er gjort følgjande vedtak i saka:

1. Dei 16 vegane i Skodje kommune som må endre namn pga av kommunesamanslåinga, får slike nye namn:
Bergsvegen blir Bergsbakken
Einevegen blir Einebærvegen
Fjellvegen blir Nihusvegen
Gamlevegen blir Grindvikvegen
Gjerdevegen blir Ole Andreas-gjerdet
Karolusplassen blir Grindvikvegen
Myrbakken  blir Hjellmyrbakken
Nakkevegen blir Simengjerdet
Nesvegen blir Nesgardsvegen
Porsevegen  blir Sørlivegen
Reitane blir  Skodjereite
Remevegen blir Gomervegen
Skulevegen  blir Vallemyrane
Storfjordvegen blir Indrevikvegen
Torevegen blir Toregarden
Ådalsvegen blir Ådalen allé 

Publisert 15.01.2018
Vegillustrasjon

Mange har nytta sjansen til å sende inn forslag til gatenam i nye Ålesund. Fristen for å sende inn forslag gjekk ut 31. desember og her får du ei oversikt over forslaga.

Publisert 30.06.2016

Skodje namnenemd vedtok i møte 28.06.16 å starte namnesak for ein veg med 10 planlagde bueiningar på Friisgarden på Håhjem.

Namnenemda set fram Friishøgda som aktuelt namn, med grunngjeving at vegen fører til eit høgdedrag på Friisgarden.

Namneforslaget blir med dette lagt ut til offentleg høyring etter stadnamnslova § 6.

Publisert 17.03.2016

Skodje namnenemd vedtok i møte 10.03.16 å starte namnesak for del av gnr.51 bnr.1 som er avsett til bustadføremål på Stette.

Namnenemda set fram Leitegarden som aktuelt namn, med slik grunngjeving:

Området ligg på gnr.1 på Leite. Garden på austsida av vegen har namnet Leitevold.

Namneforslaget blir med dette lagt ut til offentleg høyring etter stadnamnslova § 6.

Reglane om høyring er først og fremst knytt til skrivemåten av namnet.

I Skodje kommune ønskjer vi likevel merknader og innspel også på det som gjeld val av sjølve namnet.

Det er formannskapet som skal gjere endeleg vedtak i namnesaker.

Høyringsfrist på aktuelle namnesak er sett til 5. mai 2016.

Merknader og innspel kan sendast til Skodje kommune, kultureininga, Rådhuset, 6260 Skodje, eller på epost til magne.fylling@skodje.kommune.no.

Kart 1 over del av gnr 51/1 avsett til bustadområde (PDF, 573 kB)

Kart 2 over del av gnr 51/1 avsett til bustadområde (PDF, 673 kB)

 

Publisert 17.03.2016

Kartverket har i brev dat 07.01.16 gitt melding om vedtak i namnesak 2013/21.

Gardsnamnet til gardsnummer 38 i Skodje kommune skal skrivast Tyssebru.

Skrivemåten Tyssebru vart vedteken for bruksnummer 1, og Tyssebruvåg på bruksnummer 2.

Eit nes på staden fekk skrivemåten Tyssebruneset.

Vedtaket er blitt påklaga av både Skodje kommune og grunneigarar.

Kartverket reiser klagesaka som ordinær namnesak.

Det betyr at det er høve til å uttale seg på nytt.

Uttalane bør dreie seg om kva som er ønska skrivemåtar på dei aktuelle namna, med utfyllande grunngjevingar.

Uttalar i namnesaka, skal sendast til Skodje kommune, rådhuset, 6260 Skodje, eller postmottak@skodje.kommune.no.

Frist for uttalar: 20.04.16

Brev frå Kartverket i klagesak 2013/21 (PDF, 628 kB)

 

Publisert 17.03.2016

Kartverket har i brev dat 07.01.16 gitt melding om vedtak i namnesak 2013/19.

Gardsnamnet til gardsnummer 14 i Skodje kommune skal skrivast Håem.

Skrivemåten Håem vart også vedteken for bruksnummer 1, 2 og 3, og Håemsvik for bruksnummer 4.

Vedtaket er blitt påklaga av Skodje kommune.

Kartverket reiser klagesaka som ordinær namnesak.

Det betyr at det er høve til å uttale seg på nytt.

Uttalane bør dreie seg om kva som er ønska skrivemåtar, med utfyllande grunngjevingar.

Uttalar i namnesaka kan sendast til Skodje kommune, rådhuset, 6260 Skodje, eller postmottak@skodje.kommune.no.

Frist for uttalar: 20.04.16

Brev frå Kartverket om klagesak 2013/19 (PDF, 522 kB)

Publisert 07.03.2015

Skodje formannskap behandla ulike stadnamnsaker i møte 24.02.15, og gjorde i PS 57/12 slikt vedtak:

Veg i Håhjemsvik bustadfelt: Nymarktunet   

Veg på Valle: Valleskiftet

Veg på Valle: Vallevegen

Veg på Glomset: Bakken

Veg på Fylling: Peder Fyllings veg

Område Skodje sentrum vest: Runnane

Namn på bygd: Engsetdalen                           

Klage: Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av stadnamn som kan påklagast, og ikkje sjølve namnevalet. Det er først og fremst lokale organisasjonar med tilknytning til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også for andre offentlege organ og verksemder, som for eksempel Statens kartverk og andre som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta.

Klagen skal sendast til postmottak@skodje.kommune.no eller i brev til Skodje kommune, Rådhuset, 6260 Skodje.

Klagefrist: 17. april 2015.

Saksutgreiing og vedtak politisk sak 57/15 (PS 57/15) (PDF, 428 kB)

 

Publisert 10.04.2014

Skodje formannskap har delegert vedtaksmynde i namnesaker.

I formannskapssak 23/14 blei det gjort namnevedtak på vegar i alle bygdelag i kommunen.
Vegnamna skal brukast til å gi alle hus og hytter unike vegadresser.

Vedtak, kartvedlegg og orientering om klagerett følgjer under. 

Namnevedtak i formannskapet i sak 23/14 i møte 18.03.14. (PDF, 331 kB)

Klagerett:

Etter § 10 i stadnamnlova er det  først og fremst lokale organisasjonar med tilknytning til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også for offentlege organ og verksemder som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta.

Det er berre skrivemåten av adressenamn som kan påklagast, og ikkje sjølve namnevalet.

Ev. klage skal grunngjevast og sendast til postmottak@skodje.kommune.no, eller Skodje kommune, Rådhuset, 6260 Skodje.

Det er høve til å søke utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjort.

Klagefristen er 3 veker frå kunngjeringsdato! Med påskeferie og tid for kunngjering i lokal- og regionspressa, blir klagefristen sett til 10. mai.

Dersom klagaren ikkje får medhald av kommunen, skal saka sendast til Klagenemnda for stadnamnssaker. Klagenemndas vedtak er endeleg.

Publisert 08.03.2013

Til å ta seg av namnsetjing av vegparsellar, bustadfelt og andre område har Skodje kommunestyre oppnemt ei namnenemd som består av:
Kari Grindvik (leiar), Per Stette, Harald Honningdal, Dag Brusdal, Arne Utvik og Reidulf Erstad.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a