Spelemidlar

Kvart år er det mogleg for lag, foreiningar og kommunar å søke om spelemidlar til anlegg for idrett og friluftsliv.

Det er også råd å søke tilskot til kulturbygg.

Dette er midlar som staten fordeler gjennom fylkeskommunen, og er overskotet frå Norsk Tipping si verksemd.

Sist endra 18.02.2013
Lag, foreiningar, skular og andre kan søkje
Spelemidlar

Søknader som gjeld anlegg for idrett og friluftsliv (med unntak av det som er definert som Mindre kostnadskrevjande anlegg) må gå gjennom kommunen, og vere med i det prioriterte handlingsprogrammet i Kommunedelplan for fysisk aktivitet for å ha moglegheit til å få støtte.

Søknad om spelemidlar til kulturbygg krev også ei kommunal prioritering.

Frist for å kome med innspel til handlingsprogramma blir kvart år offentleggjort i presse og på heimesida. Ta kontakt med Skodje kommune, kultureininga, for meir informasjon.

Du finn også informasjon ved Kultur- og kyrkjedepartementet.


 
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a