Logo friluftsrådet.PNG

Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt foretak etter kommunelova for 9 kommunar i Ålesundsregionen.

Medlemskommunane i friluftsrådet er: Giske, Haram, Norddal, Skodje, Stordal, Sula, Vestnes, Ørskog og Ålesund. Klikk gjerne på kommunelogoane øvst på sida for å kome til heimesidene deira.

Friluftsrådet vart stifta i 1974 og markerte i 2014 førti aktive år for medlemskommunane med å dele ut ein utstyrspakke til kvar av kommunane for utlån til innbyggjarar.

Friluftsrådet har fleire ansvarsoppgåver for medlemskommunane:
•Drift og vedlikehald av friluftsområde
•Råd og rettleiing i friluftslivssaker
•Utlån av utstyr
•Aktivitet og opplæring

I 2015 skifta friluftsrådet namn frå Friluftsrådet for Ålesund og omland til Sunnmøre friluftsråd.

Friluftsrådet har sidan hausten 2011 hatt kontor, lager og verkstad på Kongshaugstranda 105 i Vegsundet i Sula kommune. På Kongshaugstranda leiger vi tre kontor med diverse fellesareal samt ca 300 kvadratmeter lager- og verkstadlokale.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a