Noko av det beste du kan gjere for å førebyggje helseplager og å halde funksjonshemmingar og sjukdom i sjakk, er fysisk aktivitet. Dette er bakgrunnen for at Rådet for funksjonshemma har utarbeidd ein turbrosjyre til inspirasjon for innbyggjarane i Skodje. Varamedlem i rådet, Paul Birger Tysnes, har hatt ansvar for arbeidet saman med resten av Råd for funksjonshemma. Saman med mange støttespelarar er vi no stolte av å kunne presentere det som er blitt ein særs fin brosjyre. Vi vil uttrykke stor takk til støttespelarane våre som har vore til hjelp med lokalkunnskap, foto og språkrøkt. Eventuelle feil i brosjyren er likevel rådet sitt ansvar.
I brosjyren finn du ei rad flotte turmål her i kommunen. Turmåla er meint som eit representativt utval, og dekkjer på langt nær alle moglegheiter som finnes. For kvart turforslag finn du eit enkelt kart, ein bildeillustrasjon og ei kort skildring av turmålet. Vi har lagt vekt på å seie noko om i kva grad kvar tur eignar seg for funksjonshemma.
Under finn du dei ulike turane.