NAV Storfjorden - Skodje

Postadresse: PB 10, 6263 Skodje

Besøksadresse: Ådalsbakken 1, 6260 Skodje

Telefon: 55 55 33 33 (måndag – fredag kl 08.00 – 15.30)

Publikumsmottak: ope for drop-in (utan førehandsavtale) måndag, onsdag og fredag kl 10.00 – 12.00.
​Avtalte samtalar med rettleiar kan gjennomførast måndag-fredag kl. 09.00-15.00, anten på kontoret i Ørskog eller Skodje. Samtalar med NAV kan avtalast gjennom www.nav.no - ditt NAV eller på telefon 55 55 33 33.

NAV Storfjorden skal nå eit mangfald av brukarar som treng ulik grad av rettleiing og oppfølging. Vår innsats skal bidra til at arbeidsgivarar skaffar seg arbeidskraft og fleire skal få muligheit til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

NAV er organisert slik at du kan løyse mange oppgåver sjølv. Frå eigen PC eller PC på NAV-kontoret kan du finne mykje informasjon på www.nav.no, mellom anna:

  • Registrere deg som arbeidssøker
  • Registrere og oppdatere din CV
  • Søke etter ledige jobbar
  • Logge deg på DittNAV
  • Utføre pensjonsberekning
  • Sende søknad på stønader heimla i folketrygda.
  • Arbeidsgivarar med rekrutteringsbehov kan kontakte oss for kandidatliste eller registrere ledige stillingar på www.nav.no.
  • NAV kan gi råd og rettleiing til verksemder som treng dette for å redusere sjukefråver og utstøyting frå arbeidslivet.

Skodje kommune har følgande tenester lagt til NAV:

Råd og rettleiing
Har du omfattande behov for bistand kan du kontakte oss for råd og rettleiing. Les meir om råd og rettleiing etter sosialtenestelova her.

Økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving
Har du gjeld og vanskar med å betale den? Har du problem med å disponere pengane slik at dei ikkje strekk til? Da er det viktig å søke hjelp i tide. Hensikta med økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving er å hjelpe slik at du blir i stand til å styre økonomien sjølv. NAV har en egen gratis økonomirådstelefon som kan gi gode råd og bistand.
Vi anbefaler at du starter med å kontakte 800GJELD – i NAV (tlf. 800 45353).
Treng du bistand utover den hjelpa du får her kan du kontakte NAV-kontoret.

Les meir om økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving her.

Økonomisk sosialhjelp
Økonomisk stønad er ein del av samfunnet sitt sikkerhetsnett og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphold. NAV skal ha særleg merksemd på barnefamiliar sine muligheiter for deltaking i samfunnet.

Alle har rett til å levere søknad og få si sak vurdert. NAV-kontoret vil gjere ei vurdering basert på din økonomiske, sosiale og helsemessige situasjon på eit individuelt grunnlag. Det er derfor viktig at søknaden er opplyst så godt som mogleg. Du må levere dokumentasjon på inntekter og utgifter og elles dokumentere andre forhold rundt din situasjon som kan ha innverknad på utfallet av søknaden. Søknadsskjema får du utdelt ved på NAV-kontoret. Les meir om økonomisk sosialhjelp her.

Kvalifiseringsprogram
Er du i yrkesaktiv alder med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og ingen eller svært begrensa ytingar til livsopphald kan du ha rett til deltaking i programmet. Søknadsskjema får du på NAV-kontoret. Du kan lese meir om kvalifiseringsprogrammet her.

Midlertidig bustad
NAV er forplikta til å finne midlertidig bustad til den som ikkje klarer det sjølv. Les meir om midlertidig bustad etter sosialtenestelova her.

Sist endra 19.09.2018 22:07
   

Kontaktinformasjon

NAV Storfjorden, Skodje
Ådalsbakken 1 Postboks 10
6263 Skodje
E-post : nav.storfjorden@nav.no
Telefon
: 55 55 33 33

Kommunenr.
: 1529

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
NAV-Familie-Jobb-Pensjon-Helse