Storfjorden PPT

Illustrasjon PPT.jpg - Klikk for stort bilete

Storfjorden PPT er ei interkommunal teneste for Norddal, Skodje, Stordal og Ørskog.
Kontoret ligg på Sjøholt med Ørskog kommune som vertskommune.

PP-tenesta samarbeidar nært med, og gir rettleiing til elevar, foreldre/foresette, tilsette i barnehagar, skular og vaksenopplæring. Vi samarbeidar og tett med ulike hjelpetenestersom t.d.helsesøster, barnevern og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikkfor å sikre barn og unge eit heilheitleg opplæringstilbod.

PPT er kommunane sin sakkunnige instans når det gjeld vurdering av rett til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Vi kan gi råd og rettleiing både til foreldre/føresette og tilsette i barnehage og skule om nyttige tiltak for å gi barnet/eleven god opplæring.

Kva saker arbeider PPT med
PPT arbeider både med individ- og systemsaker knytt til område som td:

  • Skulefag (t.d. lesing og skriving)
  • Språk og tale
  • Tilpassing
  • Sosial og emosjonell fungering
  • Nedsett funksjonsevne
  • Gode klasse- og skulemiljø

Korleis vi arbeider ved kontoret:

For å få best mogleg kjennskap til barnet, ungdommeneller den vaksne sine behov, treng ein god tid til samtale og kartlegging. Samtalar med foreldre/føresette er ein viktig del av undersøkinga ved PP-kontoret. Samtaler med tilsette i barnehage7skule og observasjon er viktig grunnlag for PPT sine vurderingar. På bakgrunn av problemstillinga vert det gjennomført kartleggingar ved hjelp av ulike prøver og tester.

Tilsette:
Kontorleiar/Ped.psyk.rådgjevar: Solfrid Stavdal
Psykolog : Hild May Eide
Logoped Ursula Vos Jongsma (40 %)
Ped.psyk rådgjevar: Øygunn Garseth
Ped.psyk.rådgjevar: Anita Vikene
Ped.psyk.rådgjevar: Inger Johanne Grønningsæter
Sekretær: Harriet Listhaug.
 

Om å ta kontakt med PPT:

Foreldre/føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PPT. Er det barnehage, skule eller andre instansar som ønskjer at barnet skal tilvisastPP-kontoret, må alltid foreldre/føresette gje skriftleg samtykke Tilsette ved PPT har teieplikt. Alle tenester er gratis for brukarane.

Besøksadresse:
Ørskog Sparebank 3.etg.

Postadresse:
Postboks 248
6249 Ørskog
Tlf. 70 16 59 60

E post: post.ppt@orskog.kommune.no

Sist endra 05.09.2016
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a