Prestemarka bu- og dagtilbod

Prestemarka bu- og dagtilbod - Klikk for stort bilete Prestemarka er Skodje kommune sitt bu- og dagtilbod for personar med utviklingshemming. Eininga tilbyr omsorg i eigen heim, i eigen bustad ved Prestemarka, i avlastningsbustader og gjennom eit omfattande dagtilbod. Eininga organiserer også kommunen sitt tilbod om vaksenopplæring til denne brukargruppa.

Vår visjon er at vi skal vere: «Ein stad for trivsel og utvikling». I samsvar med visjonen vår, prøvar vi gjennom tilbodet vårt å skape ein meiningsfylt kvardag for brukarane, med sosialt samvær, tryggleik og kjensle av meistring som hovudfokus.

Eininga er organisatorisk delt i eit butilbod, eit dagtilbod og ei avdeling for vaksenopplæring. Desse skal til saman gje eit godt og heilskapeleg tilbod til brukarane våre. Også aktivitetskontaktteneste inn mot vår brukargruppe er organisert i eininga. Dersom du kan tenkje deg å vere aktivitetskontakt, er det bare å ta kontakt (Søknadskjema (PDF, 20 kB))

Administrasjonen ved Prestemarka:
Administrasjonen ved Prestemarka:
NamnStillingTelefon direkteE-post
Eirik FrøystadEiningsleiar70 24 48 91Eirik Frøystad
Ida Yreberg LarsenAvdelingsleiar butilbod70 24 48 90Ida Larsen
Reidun DavikAvdelingsleiar dagtilbod70 24 40 29Reidun Davik
Malin M. SundeAvdelingsleiar vaksenopplæring70 24 48 92Malin Sunde

 

Serviceerklæring Prestemarka bu- og dagtilbod

Kommunen har ansvar for å tilrettelegge for meistring av sjukdom og nedsatt funksjonsevne og sikre at den einskilde får mulighet for å leve og bu sjølvstendig. Helse- og omsorgstenestene skal vere forsvarlege, heilskaplege, koordinerte, verdige og tilpassa den einskilde sitt behov (Helse- og omsorgstjenesteloven § 1.1 og § 4.1).

Innhaldet i tenesten

Prestemarka bu- og dagtilbod gir pleie og omsorg, praktisk bistand og opplæring til personar med utviklinshemming/ psykiatriske diagnosar.
Prestemarka bu- og dagtilbod yter hjelp i kvardagen på mange område. Tenestene vi gir er praktisk bistand, opplæring, pleie og omsorg i tilrettelagt bustad, i eigen heim og i avlastingsbustad. Vi kan tilby dagtilbod i ulike arenaer, vaksenopplæring og aktivitetskontakt.
Brukar får eit vedtak om kva for tenester Skodje kommune tilbyr. Vedtaket vil vere tilpassa dine behov og seie noko om kor mykje tid du får innvilga. Det blir ytt tenester ut i frå fatta vedtak og også i tråd med oppsett miljøplan/vekeplan.
Tenestene er eit verkemiddel til at du på kort eller lang sikt er mest mogleg sjølvhjulpen.
Kva fell utanfor:
• Nedvask av bustad
• Stryking av klede (men vi legg til rette for at du kan delta)
• Hagearbeid
• Reparasjoner inne og utafor bustad
• Pusse sølvtøy
• Flytting
• Ansvar for bil
• Huslege oppgåver i høve gjester, som krev ekstra personalressurs
• Bruk av personale sine private bilar
• Fritidsaktivitetar som krev ekstra personalressurs

Teieplikt

Alle tilsette i koordinerande eining og ved Prestemarka bu- og dagtilbod har teieplikt. Det betyr at vi ikkje kan gje opplysningar om brukar sine personlege tilhøve til andre utan samtykke.


 Kva kan brukar forvente av oss

• Å bli tildelt teneste etter individuelle behov
• Brukar og pårørande/verje blir møtt med respekt og verdigheit
• Dei tilsette har teieplikt og følger kommunen sine etiske retningsliner
• Tilrettelagte tenester utført av kompetent personell
• Dei tilsette yter omsorg og gir tryggheit og forutsigbarheit
• Brukarmedverknad i høve tilbodet som vert ytt, med fokus på å oppretthalde/betre funksjon eller eigenomsorgsnivå
• At tenestetilbodet vert utforma ut ifrå behov og føresetnadar
• At dei tilsette motiverer til sjølvhjelp og bruk av eigne ressursar


Kva forventar vi av brukar og pårørande/verje

Eit godt samarbeid mellom brukaren og kommunen, er ei forutsetning for et godt tenestetilbod. Å ikkje medverke til slikt samarbeid, kan medføre at tenestetilbodet vert endra eller ikkje kan gjennomførast på ein god måte.
Frå brukaren si side inneber denne medverknaden mellom anna følgande:
• Å gje tilsette i koordinerande eining og i Prestemarka fullmakt til å innhente naudsynte opplysningar som trengs i samband med handsaming av søknaden og seinare i utarbeidinga av tenestetilbodet
• At nødvendig informasjon blir gitt
• At brukar deltek ved kartlegging av tenestebehovet
• At brukar gjer seg kjent med innhaldet i tenestevedtaket
• At det vert opplyst om endringar i hjelpebehovet
• Respekt for at vi ikkje yter hjelp på område du kan klare sjølv
• Samarbeid om tilpassing av hjelpemiddel i heimen
• Personalet vert møtt med respekt
• Samarbeid med pårørande/verje om kva dei kan bidra med
• Brukar gir beskjed i god tid når han/ho skal reise bort
• Brukar må gje beskjed minst seks veker før ferie og helgedagar om han/ho blir bortreist (dette for at vi skal kunne tilrettelegge eit godt tilbod under ferieavvikling, og at der alltid vil vere ein kjent person til stades).

Registrering av opplysningar til bruk i statistikk

IPLOS-verdiar (Individbasert pleie- og omsorgsstatistikk) vert registrert for alle mottakarar av helse- og omsorgstenester. Desse registreringane viser kommunen si vurdering av brukaren sitt funksjonsnivå og gir indikasjon om det aktuelle hjelpebehovet.
Første registrering vert vanlegvis utført i tilknytning til heimebesøk før tenesten startar opp.
Kommunen er pålagt å foreta IPLOS-registreringar for å få ei samla oversikt over behovet for helse- og omsorgstenester i kommunen. Brukaren kan kreve innsyn i eigne IPLOS-registreringar.


Betaling

Tenester det kan krevjast betaling for er typiske heimehjelps- og husmorvikartenester, som f.eks. rengjering, klesvask og matlaging og anna praktisk arbeid i forbindelse med hus haldninga. Det er også innført eigenandel på tilbodene riding og svømming.


Praktiske opplysningar

I Skodje kommune er det koordinerande eining med tildelingsansvar som tildeler tenester, medan det er Prestemarka bu- og dagtilbod som utfører tenesten.

Søknadsskjema (PDF, 185 kB).

 

 

Sist endra 22.01.2018 13:02
   

Kontaktinformasjon

Prestemarka bu- og dagtilbod
Besøk oss på Dagsenteret Send post til: Skodje kommune, Prestemarka bu- og dagtilbod
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00 (sentralbord)

Faks
: 70 27 48 99

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a