Prestemarka butilbod

Prestemarka butilbod - Klikk for stort bilete

Prestemarka butilbod gir omsorg i eigen heim, i eigen bustad ved Prestemarka og i avlastningsbustader. I samsvar med visjonen vår, prøver vi gjennom butilbodet å skape ein heim for bebuarane med tryggleik, kjensle av meistring og med eit meiningsfylt sosialt liv.

Dersom du har spørsmål om butilbodet, kan du ta kontakt med einingsleiar Eirik Frøystad tlf 70 24 48 91, eller avdelingsleiar Ida Ytreberg Larsen, telefon 70 24 48 90.

Haraldvangen
Bernt Johan
Kristin - Klikk for stort bilete

Bebuarane våre
Vel 20 bebuarar er knytt til Prestemarka butilbod gjennom at dei får omsorg i eigen heim, i eigen bustad i Prestemarka eller gjennom avlastningsbustad i Prestemarka. Vi skal legge til rette for at den enkelte bebuar får kjensla av å bu i sin eigen heim, med meistring og eit godt sosialt liv.

Vi ynskjer framover å setje spesielt fokus inn mot den enkelte bebuar sine unike behov. Dette vil vi gjere gjennom god kvalitet på miljøarbeidet, og godt samarbeid med bebuarane og deira pårørande. Arbeid med individuell plan er eit satsingsområde.

Arbeide i Prestemarka?
Kunne du tenkje deg å arbeide i Prestemarka? Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med varierte utfordringar for våre tilsette. Mellom 80 og 100 mennesker arbeider til ei kvar tid i vår eining, i små og store stillingar. Kompetanseheving er eit satsingsområde for oss, og vi har høg aktivitet når det gjeld kurs og andre kompetansehevingstiltak. Vi ynskjer motiverte medarbeidarar med hjartet på rette staden, som vil vere med på å skape trivsel og utvikling på Prestemarka!

Hald utkikk etter ledige stillingar som vert utlyst. Vi har også stadig behov for vikarar, helgastillingar og ferievikarar. Ta kontakt med avdelingsleiar Ida Ytreberg Larsen for meir informasjon!

ÅDALSBAKKEN 6, tlf. 70 24 41 80  E-post
Bueining for 4 personar lokalisert på Skodje omsorgssenter.

NIUSVEGEN, tlf. 70 27 51 06  E-post
Bueining med 10 leilegheiter fordelt på 3 hus. Fellesareal i hovudhuset

NEDRESKODJEVEGEN 21 og 23, tlf. 70 24 48 98  E-post
Bueining med 4 leilegheiter og eit fellesareal 

NEDRESKODJEVEGEN 15 og 17, tlf. 70 24 48 37  E-post
Bueining med 2 leilegheiter, administrert saman med Nedreskodjevegen 19. 

NEDRESKODJEVEGEN 19 A, B, C tlf. 70 24 40 07  E-post
Bueining med 3 leilegheiter, administrert saman med Nedreskodjevegen 21 og 23.

NEDRESKODJEVEGEN 14, tlf. 948 66 353  E-post
Bueining med 4 leilegheiter og eit fellesareal.

VANGEN 19 OG 21, tlf. 911 84 698
To plassar i avlastningsbustad med fellesareal for barn og unge som bur i foreldreheimen, og to leiligheiter.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a