Publisert 23.05.2019
Illustrasjon tilbygg Valle barnehage

Det er behov for ei utviding av Valle barnehage, og Slyngstad Aamlid Arkitekter vart engasjert til å utarbeide eit forprosjekt i samarbeid med tilsette ved Valle barnehage, einingsleiar for barnehagane og representantar frå teknisk avdeling. Arkitekten vart også utfordra til å vurdere tilkomst og parkering for Valle barnehage og Valle barneskule.

Publisert 21.06.2018
Skulebygning 01

Skodje kommunestyre har vedtatt i økonomiplanen for 2017-2021:

  • Utviding av Skodje barneskule, avd. Skodje
  • Utbetring uteområda på Skodje ungdomsskule og Skodje barnehage
  • Ny trafikkavvikling ved skuleområde i Skodje sentrum

Desse prosjekta krev at ein ser på heile området som ein heilskap.

Norconsult AS har fått i oppdrag å utarbeide prosjekta.

Øystein Eltvik er kontaktperson for prosjekta.

Publisert 10.08.2016
Vassforsyning Storsætra

Ledningsnettet frå vassforsyninga på Svartevatnet var i frå 1970-talet, og nedføringsledninga har i perioden 2016 til 2019 blitt utskifta.

Prosjektet vart ferdigstilt i juni 2019 og kommunen har no ei sikrare nedføringsledning, og vasskapasiteten er auka i frå om lag 30 liter i sekundet til 55 liter i sekundet.

Publisert 10.08.2016
Illustrasjon 3D.jpg

Dei nye omsorgsbustadane hadde offisiell opning 28.5.2019.

Prosjektet har hatt som målsetting å legge til rette for eit godt bumiljø, der trivsel, og ei kjensle av tryggleik og sjølvstende er viktige moment. Det skal gje moglegheiter for sosialt fellesskap og besøk, samtidig som det skal ha ein karakter av privat heim.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Husbanken
Miljøvennleg enegibruk
Bygningsteknisk etat
Lover og forskrifter
Statens kartverk