Skule- og barnehageområdet i Skodje sentrum

Skulebygning 01 - Klikk for stort bilete Skodje kommunestyre har vedtatt i økonomiplanen for 2017-2021:

  • Utviding av Skodje barneskule, avd. Skodje
  • Utbetring uteområda på Skodje ungdomsskule (i 2018) og Skodje barnehage
  • Ny trafikkavvikling ved skuleområde i Skodje sentrum

Desse prosjekta krev at ein ser på heile området som ein heilskap.

Norconsult AS har fått i oppdrag å utarbeide prosjekta.

Øystein Eltvik er kontaktperson for prosjekta i Skodje kommune.

Utviding av Skodje barneskule, avd. Skodje

Det er viktig å tenke langsiktig og heilskapleg, og planlegge for framtida. Ein ser også difor på korleis Skodje ungdomsskule kan renoverast og utvidast, men dette er eit prosjekt ein ikkje ser for seg kan ta til med det første. 

Det har vore ein omfattande kontakt med tilsette, elevar og foreldrearbeidsutvala ved skulane for å kartlegge behov. Du kan lese meir om dette i rom- og funksjonsprogrammet for Skodje barneskule og Skodje ungdomskule som er utarbeida av konsulentfirmaet Norconsult AS. 

Rom- og funksjonsprogram - Skodje barneskule, avdeling Skodje (PDF, 28 MB)

Rom- og funksjonsprogram - Skodje ungdomsskule (PDF, 28 MB)

Utbetring av uteområdet på Skodje ungdomsskule

Ved Skodje ungdomsskule skal det i 2018 gjerast nokon straks tiltak for å betre uteområdet. Desse utbetringane vil ein ta med seg vidare i den endelige plana for uteområdet. 

Utbetring av uteområdet på Skodje barnehage

Uteområdet til Skodje barnehage vil også ble utbetra i løpet av 2018/2019. Der tek ein no til med medverknadsprosessar for tilsette i samband med utbetring av området. Ein ser for seg at denne utbetringa vil vere gjort innan nytt barnehageår tek til i 2019.

Trafikkavvikling ved skulane og barnehagen

Det er viktig å få til ei trygg trafikkavvikling for barna som skal ferdast til og frå skulane og barnehagen. Det vil bli utarbeid forskjellige løysingar på korleis trafikkavviklingane kan bli gjennomført. 

Det er sett ned arbeidsgruppe med politikarar, rektorar, verneombod, tillitsvalde, foreldrearbeidsutval og tilsette frå administrasjonen som vil arbeide med detaljane i prosjektet, og vil lage innstilling til formannskap og kommunestyre for vall av løysingar i dei forskjellige prosjekta. Du kan følgje byggenemnda for Skodje barneskule/Skodje ungdomsskule sitt arbeid her.

Sist endra 22.08.2018 10:55
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Husbanken
Miljøvennleg enegibruk
Bygningsteknisk etat
Lover og forskrifter
Statens kartverk