Utviding av Valle barnehage og parkeringsplass for tilsette

Illustrasjon tilbygg Valle barnehage - Klikk for stort bilete Det er behov for ei utviding av Valle barnehage, og Slyngstad Aamlid Arkitekter vart engasjert til å utarbeide eit forprosjekt i samarbeid med tilsette ved Valle barnehage, einingsleiar for barnehagane og representantar frå teknisk avdeling. Arkitekten vart også utfordra til å vurdere tilkomst og parkering for Valle barnehage og Valle barneskule.

Tilbygg

Tilbygget er tenkt for 18 barn mellom 0 og 3 år. Det skal også gi plass til ei ny personalavdeling for 20 ansatte. I tillegg må det påregnes ein del ombygging av eksisterande areal for å bedre forholda der.

Ved å erstatte snusløyfen vest for barnehagen med ein parkeringsplass langs vegen blir det frigjort plass på tomta slik at tilbygget kan leggas vest for eksisterande barnehage. Det gjer at akebakken mot aust kan bevarast og inngrep i dagens grøntareal blir minimalt.

Totalareal til eksisterande barnehage med uteboder og soveskur er 441 m2.Tilbygget har eit areal på 274 m2 og gir plass til 18 barn i alderen 0-3 år. Totalt areal etter utbygging blir 715 m2. Ombygging av eksisterande barnehage gjer at opphaldsarealet aukar, og dette gir ei auke av barn i eksisterande barnehage.

Parkering/tilkomst:
I prosjektet har arbeidsgruppa vurdert løysingar for å bedre dei trafikale forholda i område.

Den planlagde parkeringsplassen langs vegen er oversiktleg og arealeffektiv. Den gir plass til 12 bilar inkludert 1 HC-plass. Eit fortau gjer det ekstra trygt å sette av barn her. Denne parkeringsplassen skal kun nyttast i samband med levering/henting av barn.

Ansatte i barnehagen skal parkere på parkeringsplassen aust for Smisundvegen. Dette er ein felles parkeringsplass for Valle barnehage og Valle skule. Parkeringsplassen er i dag allereie for liten og antall ansatte vil auke. Ein utviding av parkeringsplassen bør derfor leggas inn i prosjektet. Slyngstad Aamli Arkitekter har utarbeidet plan for utviding av parkeringsplassen og tilbod på utarbeiding er innhenta. Det kom inn 5 tilbod før fristen var ute. Det beste tilbodet hadde Vasto Anlegg As på kr. 791.288,- inkl. mva.
Viser til vedlegg 2 - Parkeringsplass Valle skule – Oversiktskart datert 10.03.2019

Skisseprosjekt Valle barnehage, datert 21.03.2019 (PDF, 4 MB)

Oversiktskart for parkeringsplass for tilsette (PDF, 342 kB)
 

Sist endra 23.05.2019 12:23
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Husbanken
Miljøvennleg enegibruk
Bygningsteknisk etat
Lover og forskrifter
Statens kartverk