Arealplanlegging - generelt

Teknisk avdeling har ansvar for at planarbeid i kommunen vert utført i samsvar med reglene som er vedtekne gjennom plan-og bygningslova. Planansvaret omfattar både kommuneplanen sin samfunnsdel, arealdel til kommuneplanen og arbeid knytt til detaljplanar som regulerings-og bebyggelsesplanar

Gjennom arealplanar etter plan- og bygningslova sine reglar, fastlegg kommunestyret korleis areala skal nyttast. Dispensasjonssøknadar frå desse planane blir avgjort i det faste planutvalet.


Teknisk avdeling er i tillegg ansvarleg for utarbeiding av ulike temaplanar, som til dømes kommunal trafikktryggingsplan og kommunedelplan for idrettsanlegg og anlegg for friluftsliv.

Oversikt over planar som gjeld i Skodje kommune finn du her på heimesida under offentleg innsyn/planar.

Ansvarleg for planarbeid og dispensasjonshandsaming
AnsvarlegTittelTelefon
Ingunn Osdal StettePlanleggjar70 24 40 45
Illustrasjon dispensasjon.jpg

Skodje kommune handsamar søknadar om dispensasjon frå plan- og bygningslova.

Dispensasjon etter plan- og bygningslova sine føresegner inneber at det i eit enkelttilfelle blir gitt unntak frå føresegner i lova, forskrifter til lova eller planar gitt i medhald av lova.

Ein dispensasjon frå ein plan endrar ikkje planen, den inneber berre at ein ser vekk i frå planen for det aktuelle tilfellet søknaden gjeld. 

R76.png

Ein reguleringsplan med tilhøyrande føresegner fortel om bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgjevnader. Gjennom reguleringsplanen blir det fastsett korleis, og til kva formål, areala innanfor planen kan utnyttast og eventuelle vilkår som er knytt til bruken. 

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Kart i Skodje kommune
Miljøverndepartementet
Planlegging.no
Stadutvikling
Lover og forskrifter
Regjeringa
Statens kartverk
Byggteknisk etat