Brann

Skodje brannbil - Klikk for stort bilete

Teknisk avdeling har ansvaret for det interkommunale brannvernet i Skodje.

Brannkorpset i Skodje har eit mannskap på 18 personar. 16 brannmenn, 2 befal og 4 sløkkjeleiar. Korpset har 11 røykdykkarar og 9 som har utrykningssertifikat.

Skodje kommune er tilknytt Møre og Romsdal 110 sentral KF, som er lokalisert ved Ålesund Brannstasjon. Dette er eit kommunalt foretak som tek i mot alle nødmeldingar om brann for M&R. 110-sentralen vidarevarslar rett kommune, andre naud- og meldesentralar og andre beredskapsressursar.

Brannkorpset - Klikk for stort bileteBrannkorpset

 

.

Ansvar for brannberedskap
AnsvarlegTittelTelefon
Bent LeiteBrannsjef97 56 75 52
Sist endra 14.12.2018
Brann og feiing
Publisert 17.11.2016
Feiar_med_stige.png

Skodje kommune har fått melding om firma/personar som driv med dørsal av takstigar i kommunen.

Vi vil åtvare huseigarar mot omreisande som kjem på døra for å selje og montere takstigar. Det har ved fleire høve vist seg at desse takstigane er av dårleg kvalitet. Dessutan er dei blitt feilmontert, noko som har resultert i at tak har blitt øydelagde.

Publisert 08.06.2016

Etter fleire brannar i skog, mark og lyng dei sista dagane har 110- og 112-sentralane i Møre og Romsdal gått ut med ei melding (PDF, 66 kB) om at det må utvisast stor aktsemd med bruk av eld utandørs.

Frå 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp bål i naturen, på grunn av fare for gras- og skogbrannar.

Publisert 14.11.2014
Peis

I følgje § 2-4 i "Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn" skal eigar melde frå til kommunen når det har vore installert ny eldstad eller gjort vesentlege endringar på fyringsanlegget. I Skodje kommune skal slik melding adresserast til Skodje brannvesen. Meldinga kan ein gi ved å fylle ut og returnere dette skjemaet (PDF, 59 kB).

Publisert 20.12.2010

Skodje kommune har ansvar for drift og forvaltning av feietenesten. Kommunen har avtale med Ålesund Brannvesen KF om feiing og tilsyn.

Prisar på feietenesten finn du i betalingsregulativet for Skodje kommune.

Publisert 04.09.2009
Brann

All bruk av eld i eller i nærleiken av skog og utmark er forbode i tidsrommet frå 15. april til 15. september, utan løyve frå brannsjefen.

Publisert 04.09.2009
Utrykning

Skodje kommune er med i Sunnmøre Interkommunale Utvalg mot Akutt forureining(IUA). Det er totalt 17 kommunar med i dette interkommunale samarbeidet, som skal sørgje for å dekke beredskap mot større og mindre tilfelle av akutt forureining.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Møre og Romsdal 110-sentral KF
Statens forureingstilsyn
Brannvern
Lover og forskrifter
Her finn du dei primære rettskjeldene som regulerer borgarane sine rettar og pliktar.