Handsaming av byggesaker

Nybygg - Klikk for stort bilete

Skodje kommune handsamar søknad om byggeløyve og fører tilsyn med at byggearbeid vert utført i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter.

Naustområde - Klikk for stort bilete

Aller først må du finne ut om byggearbeidet du ønsker å utføre krev at du søker om løyve. Er du i tvil kontakt teknisk avdeling.
 

1. Arbeid som krev søknad om løyve og som kan utførast av tiltakshavar pbl § 20-2

Denne søknadstypen skal nyttast ved mindre arbeider som garasje, uthus over 50-70 m2, tilbygg over 15-50 m2, og driftsbygningar
 

2. Øvrige arbeid som krev søknad om løyve, pbl § 20-1 

Søknaden skal sendast inn, og arbeid må utførast av foretak kommunen kan godkjenne som ansvarlig søkar, prosjekterande og utførande.

Søknaden skal sendast til kommunen. Dersom det er manglar i søknaden, vil du få eit orienteringsbrev, som fastsetter ein frist for retting av manglane.
 

3. Desse tiltaka kan oppførast utan søknad:

Frittliggjande bygning inntil 50m2  
Frittliggjande bygning på bebygd eigedom på inntil 50 m2 med avstand minimum 1,0 meter frå nabogrensa kan setjast i gang utan søknad, men føreset at:

  • Maksimal mønehøgde er 4,0 meter og gesimshøgde 3,0 meter målt frå planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygninga.
  • Bygninga må vere i ei etasje og kan ikkje underbyggast med kjeller
  • Bygninga kan brukast til for eksempel: garasje, uthus, hobbyverkstad,veksthus eller leikehus
  • Bygninga kan ikkje innehalde rom for varig opphald som kjøkken, stue,soverom,våtrom eller brukast til overnatting.
  • Bygninga må ikkje plasserast over vass- og avløpsleidningar.


Tiltakshavar skal informere kommunen om plasseringa av bygget når det  er ferdigstilt, slik at plasseringa kan bli ført inn i kommunen sitt kartgrunnlag.


Tilbygg inntil 15 m2
Det er ikkje nødvendig å søke om å føre opp tilbygg på inntil 15 m2. Slike tilbygg skal ikkje innehalde rom for varig opphald og ha ein avstand til nabogrensa på 4,0 meter.  Eksempler på tilbygg som er unnateke søknadsplikta er  balkong,veranda og liknande, åpent overbygd inngangsparti eller ved-og sykkelbod.
Tiltakshavar skal informere kommunen om tilbygget sin plassering når det er ferdigstilt.


Andre endringar som er unntatt søknadsplikt:

Levegg
Levegg med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 10 meter. Leveggen kan vere frittståande eller forbunde med bygning og avstand til nabogrense skal ikkje vere mindre enn 1,0 meter.
Levegg med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 5,0 meter. Leveggen kan vere frittståande eller forbunde med bygning og kan plasserast inntil nabogrense.

Mindre støttemur
Mindre støttemurer med høgde inntil 1,0 meter og avstand frå nabogrense på minst 1,0 meter. I tillegg kan støttemur på inntil 1,5 meter oppførast utan søknad der avstanden til nabogrense er minst 4,0 meter. Muren må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg.

Mindre fylling eller planering av terreng
I spredbygd strøk kan terrengendringa maksimalt avvike 3,0 meter frå opphaveleg terrengnivå eller 2,5 meter avvik frå opphaveleg terrengnivå i tettbygd strøk. På eigedom for rekke- eller kjedehus og liknande med tett bebyggelse må avviket ikkje vere meir enn 0,5 meter frå opphaveleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfot/skjeringstopp til nabogrense må vere minst 1,0 meter. Endringar i terreng må ikkje hindre sikta i frisiktsoner mot veg.

Intern veg på tomt
Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for tomta sitt bruk som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Avstand til nabogrense må vere minst 1,0 meter.

 

Sakshandsamingstid

  • Øvrige arbeid som krev søknad om løyve, pbl § 20-1
    Søknad etter § 20-2 jfr pkt 2 ovanfor: 3 veker
  • Søknad etter §§20-1 og 20-2 som er i samsvar, med plan, ingen merknader frå naboer og gjenboer og løyve frå andre fagstyresmakter ikkje er naudsynt: 3 veker
  • Rammesøknad/ett-trinnssøknad: maks. 12 veker
  • Førehandskonferanse: 2 veker
  • Igangsetjingsløyve: 3 veker
  • Mellombels bruksløyve: 3 veke
  • Ferdigattest: 3 veker
  • Kommunal klagehandsaming: 8 veker

Søknader som inneheld dispensasjon har ingen maks. frist for handsaming.

Søknaden skal sendast inn, og arbeidene må utførast av foretak kommunen kan godkjenne som ansvarlig søker, prosjekterende og utførende.

Byggearbeidet
Når du har fått løyve, kan byggearbeidene setjast i verk. Du og det foretaket som har søkt og fått ansvarsrett er ansvarleg for at arbeida vert utført i samsvar med krav gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova. Kommunen kontrollerer ikkje byggearbeida, men føretek gjennom tilsyn stikkontrol i einskilde saker. Kommunen fører primært tilsyn med foretakene med gjennomgang av systemer og rutiner.

Generell informasjon og rettleiing
Treng du rettleiing om søknadsprosessen kan du kontakte teknisk avdeling. Du kan også be om ein førehandskonferanse eller eit uformelt møte.

Norsk kommunalteknisk forening har utarbeida ein del faktaark med informasjon til tiltakshavar og søker om aktuelle tema. Faktaarka finn du nederst på sida.

Synfaring
Ved behov til kommunen foreta synfaring på eiga hand eller etter avtale med grunneigar / utbyggjar. Avtale om synfaring vert gjort på telefon eller e-post.

Klage
Vedtak som kommunen har gjort i byggesaker kan påklagast til Fylkesmannen. Klagefristen er 3 veker frå underretning om vedtaket. Klagen skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men sendast til Skodje kommune. Dersom kommunen ikkje tek klaga til følgje, vert den sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Eigne retningsliner i Skodje
Skodje kommune har utarbeidd eigne retningsliner for bygging av naust med tilhøyrande anlegg. (PDF, 71 kB)


Lovgrunnlag
Plan- og bygningslova med forskrifter

Rettleiar for utrekning av utnyttingsgrad
"Hvor stort kan du bygge?" (Direktoratet for byggkvalitet)

Faktaark
Bruksendring (PDF, 125 kB)
Byggjeplanar - Kva er unnateke og kva må du søkje om? (PDF, 107 kB)
Driftsbygningar i landbruket (PDF, 149 kB)
Einebustad og fritidsbustad (PDF, 159 kB)
Etablering av nytt husvære i eksisterande bygg (PDF, 160 kB)
Fasadeendring (PDF, 240 kB)
Støttemur (PDF, 75 kB)
Garasje, bod og liknande (PDF, 148 kB)
Gjerde og levegg (PDF, 86 kB)
Pipe og eldstad (PDF, 69 kB)
Skilt og reklame (PDF, 113 kB)
Større bygg (PDF, 125 kB)
Tilbygg til bustad (PDF, 134 kB)
Veranda, balkong og terrasse (PDF, 72 kB)
Teikningar (PDF, 255 kB)
Dispensasjon (PDF, 82 kB)
Situasjonsplan (PDF, 493 kB)
Nabovarsel - innhald og varslingsmåtar (PDF, 103 kB)
Førehandskonferanse (PDF, 78 kB)
Riving (PDF, 146 kB)
 

Ansvarleg for byggesakshandsaming
AnsvarlegStillingTelefon
Bent LeiteAvd. ingeniør70 24 40 42
Sist endra 08.10.2018