Kart og oppmåling

Teknisk avdeling handsamar søknader om oppretting av eigedom og har ansvar for kartforvaltninga og oppmålingstenesten i kommunen.

Frå 01.01.2010 er all sakshandsaming i samband med kart og oppmålingssaker underlagd reglane i den nye matrikkellova. Dette inneber ein meir omfattande saksgang med større fokus på klarlegging av tredje parts rettigheiter, kvalitetskontroll på målearbeid og tidsfristar for sakshandsaming m.m.

Det er kome inn nye sakstypar, det er innført endringar rundt tinglysing og målebrev er erstatta med matrikkelbrev.

Skodje kommune nyttar eit privat firma til å utføre landmålingsarbeidet i kommunen.

Søknad om deling
Kva for skjema skal ein bruke?

Etter at matrikkelloven vart gjort gjeldande frå 01.01.2010 er det kome nye skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning (søknad om deling).

Skjema som skal nyttast er:
- Søknad om tiltak (deling) (PDF, 242 kB)
- Nabovarsel - for lagring (utfylling på skjerm) eller utskrift (utfylling for hand)
- Kvittering for nabovarsel - for lagring (utfylling på skjerm) eller utskrift (utfylling for hand).


Søknadsskjema får du gjennom linkane ovanfor, eller ved å ta kontakt med kommunen.

For at sakshandsamar skal kunne danne seg eit så godt bilde som råd av det aktuelle tiltaket, er det viktig at alle relevante postar på skjema vert fylt ut.

Som vedlegg skal det leggast med situasjonskart som viser ca. tomteareal og kva eigedommar som vert omfatta av delinga.

Det er også svært viktig at det vert lagt med gjenpart av nabovarsel som viser at alle aktuelle partar er varsla i saka (om ikkje dette ligg ved må ein kunne forvente å få saka i retur). Det er heimelshavar som skal skrive under. Der det er fleire heimelshavarar må alle skrive under.

Søknad om deling skal leverast Skodje kommune, Teknisk avdeling , 6260 Skodje.

Faktaark
Frådeling for oppretting av ny eigedom (PDF, 80 kB)
 

Oppmåling/kart
Ansvarleg TenesteTelefon
Bent Leitekart/deling av eigedom70 24 40 42
Ingunn Osdal StetteDigitale kart/Webatlas70 24 40 45
Sist endra 15.05.2018
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Kart i Skodje kommune
Statens kartverk
Lover og forskrifter
Byggteknisk etat