Renovasjonskalender for 2019 (inkl. desember 2018)

Sist endra 04.12.2018 22:40
Publisert 09.04.2018
MinRenovasjon.JPG

Min Renovasjon er ein app for smarttelefonar. Appen viser tømekalender, sorteringsinformasjon, returpunkt og opningstider for miljøstasjonane. Appen gir ei påminning når avfallet blir henta.

Appen er gratis.

 


 

Meir informasjon om bruken av appen Min Renovasjon.

Publisert 13.10.2017

Fritidsbåtar under 15 fot kan leverast til ÅRIM sine miljøstasjonar. Det er gratis å levere, og du kan søkje Miljødirektoratet om å få utbetalt kr 1 000,- i pant for levering. Motor må vere avmontert ved levering.

Publisert 31.08.2016

ÅRIM (Ålesundsregionen interkommunale miljøselskap IKS) har tatt over fakturering av renovasjon og slamtøming i kommunen. Du vil difor få faktura frå ÅRIM i staden for frå Skodje kommune for desse tenestene.

Publisert 20.10.2015
Glas_og_metall_logo_2.png

Glas- og metallemballasje kan leverast i container på desse stadane:

  • Bunker Oil, Stette
  • Coop, Skodje
  • Kiwi, Skodje
  • Rema 1000, Digernes
  • Vallekrysset Bensin og Service AS, Valle
Publisert 20.10.2015
Hageavfall_logo.png

Hageavfall kan leverast gratis på Prestemarka, sør for gartneriet.

Sjå kart.

Publisert 20.10.2014
Bingsa.jpg

 Frå torsdag 16. oktober starta bingsa avfallsplass opp med utvida opningstider.

Til no har Bingsa stengt kl. 15 kvardagar, og berre hatt ope til kl. 18 torsdagar. No vert opningstidene utvida til kl. 16 kvardagar og til kl. 18 både tysdag og torsdag.

Publisert 03.05.2012
Bingsa avfallsplass

Levering/mottak av spesialavfall på Prestemarka v/gartneriet er nedlagt frå dags dato. Innbyggjarane i Skodje kommune kan no levere spesialavfall på Bingsa avfallsmottak.

Åpningstider Bingsa

Publisert 10.02.2010
Velkommen til Bingsa

Skodje kommune har frå 1. februar 2010 innført ordning med verdikort, som skal nyttast ved levering av avfall ved Bingsa avfallsmottak. Målsetjinga er å få betre kontroll på bruken til den enkelte abonnent.

Husk å ta med kortet når du skal levere avfall på Bingsa. Dersom du gløymer på ta med kortet, må du betale for levering av avfall som andre kundar.

   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a
Bingsa avfallsplass
Husbanken
Miljøvennleg enegibruk
Byggtekniske etat
Lover og forskrifter
Statens kartverk