Vassforsyning

Trykkaukingsstasjon Glomset - Klikk for stort bilete

Skodje kommune leverer vatn til husstandar i Skodje sentrum frå Grindvika til Skodjevågen/Furlia, til Valle, Svorta, Glomset og delar av Engesetdalen, Stette og Opskar.

Nærare beskrivelse av eksisterande leidningsnett m/installasjonar, og oversikt over framtidige investeringar går fram av hovudplan for vassforsyning 2009-2013 (PDF, 2 MB)

Sist endra 16.10.2019
Vassbehandlingsanlegg Storsætra - Klikk for stort bilete Høgdebasseng på Stette - Klikk for stort bilete Vassbehandlingsanlegg Storsætra/innvendig - Klikk for stort bilete

Vassverk 
Skodje kommune eig og driftar Skodje vassverk, Vasskvaliteten blir jamnleg kontrollert gjennom vassprøvar etter eige program. Skodje kommunale vassverk vart godkjent av Mattilsynet den 20.12.2005

Drikkevassanalysar
Det er Aurofins Norsk matanalyse som står for analyse av drikkevasskvaliteten i Skodje kommune. Døme på Analyserapport frå Norsk Matanalyse (PDF, 448 kB) , ligg her.

Ved innstilling av oppvaskmaskin
Nye vaskemaskiner kan tilpassast vatnet hardhet.
Hardhet total, er målt til 0,3 .dH(målemetode)MA 401:1990.

Vassmålar
Etter gjeldande forskrift om vass - og avløpsgebyr med betalingsregulativ for Skodje kommune, kan abonnenten krevje installasjon av vassmålar. Næringseiegedommar inkl. gardsbruk og offentleg verksemd skal ha vassmålar. Meldeskjema for installasjon av vassmålar ligg her. (PDF, 46 kB)

Tilknyting til offentleg vassforsyning
Sjå artikkel under under for nærare informasjon samt søknadsskjema for tilknyting.

Abonnementsvilkår
Skodje kommunestyre vedtok 22.09.2009 at standard abonnementsvilkår for vatn og avløp, (tekniske og administrative bestemmelsar (PDF, 134 kB)) utarbeidd av KS, skal gjelde for Skodje kommune.

Vassforsyning
Publisert 16.10.2019
Vatn.JPG

På grunn av kommunesamanslåinga, vil avlesinga av vassmålarar for 2019 vere i januar i staden for i desember.

Dette gjeld alle innbyggjarane i nye Ålesund kommune. Det vil difor ikkje bli sendt ut avlesingskort før i januar 2020, og avrekninga for vassmålarane blir gjort i løpet av dei tre første månadane av året.

Beklager ulempene dette medfører.

Publisert 13.03.2017
Krisevassanlegg_gråtonekart_med_påteikning_2_kutta_med_farga_tekst.jpg

Skodje kommune har bygd nytt krisevassanlegg på Fylling. Anlegget var ferdig våren 2019.

Anlegget er eit beredskapsanlegg som berre vert tilkopla ved større svikt i den ordinære forsyninga. Det kan vere ved langvarig utfall av vasskjelde, nedføringsleidning eller behandlingsanlegg.

Krisevatn vil bli levert med redusert kvalitet, kloring og kokevarsel.

Anlegget medfører ingen restriksjonar i bruk av Fyllingsvatnet/Engesetdalsvatnet.

Publisert 10.08.2016
Vassforsyning Storsætra

Ledningsnettet frå vassforsyninga på Svartevatnet var i frå 1970-talet, og nedføringsledninga har i perioden 2016 til 2019 blitt utskifta.

Prosjektet vart ferdigstilt i juni 2019 og kommunen har no ei sikrare nedføringsledning, og vasskapasiteten er auka i frå om lag 30 liter i sekundet til 55 liter i sekundet.

Publisert 29.04.2016
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a