Kva skjer?

mai 2017
tyontofrla
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
   

Skodje kommune satser på inkluderande barnehage - og skulemiljø

Skodje kommune er ein av 3 kommunar i Møre og Romsdal som får vere med i første pulje i  den landsdekkande kompetansehevinga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø».  Satsinga er styrt av Utdanningsdirektoratet og prosjektet i Skodje vil ha ei ramme på to heile barnehage- og skuleår (2017 – 2019).

Som start på prosjektet har kommunen invitert alle tilsette i skule, barnehage,  PPT, barnevern , kulturavdeling, helsestasjon, medlemmar i FAU/SU, elevråd, MOT, kommunestyre og representerer frå frivillige lag som arbeider med barn og unge til oppstartssamling i Gomerhuset torsdag 11.05. kl 18.00.  Dette arrangementet er meint for særskilt inviterte, men kommunen har planer om andre arrangement seinare i prosjektperioden som vil vere ope for alle.inkludering-og-mangfold[1].jpg - Klikk for stort bilete

 

ElsafadiB700H395web[1].jpg - Klikk for stort bilete

 

Samlinga startar med foredrag med Marco Elsafadi som har inspirert folk over heile landet som basketballspiller, ungdomsarbeidar, foredragsholder og vinner av Mesternes Mester på NRK. Marco Elsafadi Marco bruker yrkestittelen «relasjonshøvding» om seg sjølv. Relasjonar mellom menneske er utgangspunktet for det meste han driv med, både som foredragshalder og som eldsjel for blant anna barn og unge og for idretten. I etterkant av foredraget vert det gruppearbeid med alle deltakarane.

Med bakgrunn i innsamla data i skule og barnehage i Norge ser ein at talet på mobbesaker er for høgt, til tross for det i mange år har vore arbeidd for å redusere dette. Denne tendensen ser vi også i Skodje kommune. Auka bruk av sosiale media kan forsterke følelsen av utanforskap. Fleire barn og unge slit med ulike helseutfordringar som kan skrivast til mobbe-problematikk og/eller å oppleve krenkingar frå andre barn og vaksne. Politikarane i Skodje kommune har tatt initiativ til at dette skal vere eit satsingsområde.

Skodje kommune skal vere ein pådrivar for at barn og unge skal ha eit trygt, sunt og inkluderande oppvekstmiljø som gjev dei høve til å oppleve meistring og utvikle den einskilde sine evner og interesser

Kommuneplan Skodje kommune Handlingsdelen 2017

Arbeidet med å redusere mobbing i skulen og utvikle god psykisk helse for barn og unge startar allereie i barnehagen. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å tilby kompetanseutvikling som skal styrke barnehagar, skular og eigars kompetanse i å fremje trygge barnehage- og skulemiljø og førebyggje, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar, som Skodje kommune no er ein del av.

Krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering er meir enn ei utfordring og belastning for den einskilde - det er ei utfordring for heile det norske samfunnet. Som del av eit samfunn og innbyggjarar i ein kommune har vi eit ansvar - eit moralsk ansvar for å reagere, og eit ansvar for at alle skal leve liv utan den lammande frykta som mobbing medfører. Gjennom det nasjonale kompetansehevingsprogrammet Inkluderande barnehage- og skulemiljø ser tilsette i oppvekstsektoren i Skodje eit stort potensiale i tettare samarbeid mellom aktørar som møter barn kvar dag. Vaksne har stor påverknad i barn og unge sitt liv gjennom dei vala dei tek.

Det er eit mål at vi best mogleg skal klare å få tilsette i alle ledd til å vere medskaparar i prosjektet, slik at satsinga vert godt implementert i dei ulike einingane og ein skaper eit godt utgangspunkt for varig endring i organisasjonen.

Skule og barnehage i Skodje  har sett saman prosjektgrupper som, individuelt og i samarbeid, skal vere pådrivarar i kvar eining. Prosjektgruppene er samstundes valde til å delta i ulike kompetansetiltak på regionalt nivå. Andre kommunale og interkommunale instansar som til dømes helsestasjon og barnevern, vil bli involvert i ulike delar av prosjektet. I tillegg skal foreldre/føresette og andre vaksne (t.d. trenarar, leiarar, speidarleiarar osv.) som møter barn og unge gjennom deltaking i frivillige lag og organisasjonar involverast i arbeidet.

Vi vil jobbe for at barn og unge i Skodje skal ha det trygt og godt i kvardagen frå dei startar i barnehagen og til dei går ut av ungdomsskulen, også på dei arenaene der dei er aktive deltakarar i fritida.

Dei overordna målsettinga for prosjektet er;

  • Auka kunnskap og kompetanse for alle som arbeider med barn og unge kring forebygging, avdekking, handtering og oppfølging av mobbing og andre krenkingar
  • Sterkare tverrfagleg samarbeid mellom skule og barnehage, PPT, barnevern, helsetenesta og foreldre med fokus på å skape eit inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge
  • Arbeide for å utvikle eit systematisk og målretta samarbeid om gode barnehage- og skulemiljø
  • Vidareutvikle eigen praksis i kvar einskild barnehage og skule, samt på eigarnivå.
  • Auka regelverkskompetanse for handtering av mobbing og andre krenkingar barn og unge utsetjast for i barnehage og skule
  • Utvikling av gode lærande nettverk, samt gode modellar og samhandlingsformer for kompetanseutvikling i organisasjonen
  • Vidareføring av kunnskap og erfaringar til ny og varig «beste praksis» som skal gjelde for alle tilsette
  • Utvikle ein handlingsplan for korleis vi skal oppretthalde gode og inkluderande barnehage- og skulemiljø i kommunen.

Les meir om satsinga på Utdanningsdirektoratet

Sist endra 10.05.2017 10:09
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri