Publisert 15.02.2018
17KULskodjegrandprix-12.jpg

Det vart ein strålande kveld i Gomerhuset torsdag, då Skodje ungdomsskule arrangerte Grand Prix for 23. gong.

Mange flotte innslag gav fullt trøkk i salen, og etter ein heilaften med to sceneshow stod 10A att som årets vinnarar med det dagsaktuelle innslaget Møreaksen. Det smakte godt for gjengen, som har to andreplassar å sjå tilbake på i 8. og 9. klasse.

Vi gratulerer 10A og resten av tiandetrinnet med eit flott arrangement og første-, andre- og tredjeplass som i fjor! 8. og 9.klassingane får nye sjansar neste år til å hente gullet hem. 

Vinnarinnslaget kan du sjå her.

Publisert 05.02.2018
Klassequizen.jpg

10.klassingane Emilie, Ingvild og Anushan deltok på Klassequizen til NRK Møre og Romsdal denne veka. Det gjekk veldig bra. Dei greidde 10 poeng, og ligg på delt andreplass så langt. 

Vi gratulerer!

Publisert 18.01.2018
IMG_2464.jpg

Heile Noregs helsesøster på Snapchat, Helsesista, heldt eit fengande foredrag for ein fullsett kultursal i Gomerhuset torsdag kveld.

Thale Krohn Engvik, som Helsesista eigentleg heiter - er på Skodje for å snakke om utfordringar unge har med forventningar og press i kvardagen.

Fredag kl.10.00 skal ho halde nytt foredrag, då for ungdomsskulen og sjuandetrinnet i Skodje kommune.

Foredraga er tiltak for å sette ungdom og psykisk helse på dagsorden, og er i regi av ungdomsrådet (bildet).

Publisert 28.12.2017

Vi vil ønskje elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar ei fortsatt god jul og eit godt nyttår. 

Tysdag 2.januar er det studiedag for lærane, med vidare arbeid kring temaet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø." Dette er ein felles studiedag for alle skule- og barnehagetilsette i Skodje kommune, med samling i Gomerhuset frå kl.08.30-15-30.

Første skuledag i 2018 for elevane er onsdag 3.januar. Vél møtt!

Publisert 28.12.2017
Juleball 2017.jpg

Onsdag før jul, arrangerte 10.trinnet  ved Skodje ungdomsskule årets juleball. Det tradisjonsrike arrangementet gjekk føre seg på sedvanleg vis med festmiddag, polonese, dans og underhaldning.

Det vart ein strålande fin kveld for dei omlag 170 gjestane, hovudsakleg elevar og lærarar frå Skodje ungdomsskule.

Juleballet kjem i stand gjennom eit årvisst samarbeid mellom elevar, lærarar og foreldre på 10.trinnet, der inntektene går til skuletur eller andre sosiale arrangement for trinnet.

Publisert 22.11.2017
Gomerdag

Elevrådet sin årvisse og ekstremt populære aktivitetsdag Gomerdagen gjekk av stabelen i idrettshallen i dag. Årets Gomerdag var den åttande i rekka, og ein av dei mest vellukka av dei alle.

Publisert 19.11.2017
Fortuna cupmester.jpg

Etter ein svært spanande cupfinale fredag kveld, vart FK Fortuna Ålesund norgesmeistrar i fotball for junior kvinner (J19). På laget var to skøyejenter sentrale.

På venstreback spelte 10.klassingen vår Kristine Gulbrandsen (15), medan tidlegare elev Cecilie Otterlei (18) var kaptein og sjef i midtforsvaret. Begge var på bana i samfulle 90 minutt og la ned ein imponerande innsats i lag med resten av Fortuna-jentene. 

Vi gratulerer Kristine og Cecilie med NM-gullet!

Publisert 13.11.2017
Onsdag og torsdag denne veka skal elevane på 10.trinnet hospitere på dei vidaregåande skulane i Ålesund.
 
Dette er eit årvisst tiltak der alle 10.klassingar i Noreg får ein forsmak på livet på vidaregåande skule, gjennom å prøve ut to utdanningsprogram etter eige ønskje. Målet er å sikre at elevane gjer gode og reflekterte val av vidaregåande utdanning når søknadsfristen går ut 1.mars.
 
Program for dagane finn de på heimesidene til dei vidaregåande skulane.
Publisert 06.11.2017
Arve Fiskarstrand.jpg

Onsdag 1.november var lærarar frå Skodje ungdomsskule, Giske kommune og Møre barne- og ungdomsskule samla i Gomerhuset til avslutning for utviklingsprosjektet Ungdomstrinn i utvikling.

Skulane har samarbeidd  om temaet rekning i alle fag, og har gjennomført totalt fire samlingar - to på Skodje og to i Giske. Alle skulane har hatt ansvaret for kvar sine samlingar, og denne gongen var det Møre barne- og ungdomsskule v/rektor Ingrid Kvam Steinshamn som leia programmet.

Publisert 26.10.2017

Ungdomsskuleelevane gjennomførte forrige veke årets løp til inntekt for TV-aksjonen.

I tillegg til fokus på UNICEF sitt arbeid for utdanning til barn ramma av krig og konflikt, har løpet så langt sørga for nesten 13.500 kroner til TV-aksjonen. Elevane hadde nemleg skaffa seg nokre særs gavmilde sponsorar på førehand.

Takk til elevane for topp innsats under løpet, og ikkje minst til sponsorane for støtta!

PS! Om nokon fekk lyst til å støtte løpet vårt - er det framleis ikkje for seint! På innsamlingssida til Skodje ungdomskule finn du ut korleis.

Publisert 17.09.2017

I vekene framover vert det gjennomført nasjonale prøver i lesing, engelsk og rekning for 8.trinn, og lesing og rekning for 9.trinn.

Vil du vite meir om nasjonale prøver, finn du informasjon på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Publisert 17.09.2017
Val-banner_utan_tekst

Onsdag 20.september er det val til ungdomsrådet i Skodje kommune. 

Aktuelle kandidatar møter i kultursalen i Gomerhuset kl.09.00 til ei informasjonsøkt, medan sjølve valet går av stabelen mellom kl.10.00-11.00. 

I år skal det veljast fire nye representantar til ungdomsrådet, som består av 12  totalt. Representantane sit for to år, men kan ta gjenval ein gong.

Alle ungdommar mellom 13-18 år i kommunen har røysterett ved ungdomsrådsvalet.

Publisert 06.09.2017
Skuleval 2017 grafisk.png

Etter eit par veker med politikk på timeplanen i samfunnsfag, var det i dag klart for skuleval ved ungdomsskulen. Elevrådet fungerte som valfunksjonærar, og sørgja for ei prikkfri gjennomføring.

Publisert 05.09.2017
MOT logo

Den siste veka har våre nye 8.klasser gjennomført sine første økter med MOT-coachane Arne Lid Skodje og Lin-Marita Sandvik. 

I løpet av ungdomsskuletida, vil elevane gjennomføre 10-12 liknande "MOT- besøk"  med kvar sine tema som byggjer rundt MOT sine grunnverdiar Mot til å leveMot til å bry seg og Mot til å seie nei. 

Publisert 05.09.2017

Ny §9A i Opplæringslova Elevane sitt skulemiljø, vart sett i kraft 1.august. Lovendringa sikrar mellom anna elevane sin rett til ein mobbefri skule, og skjerpar samtstundes aktivitetsplikta til dei tilsette i skulen.

Publisert 17.08.2017
Skulestart.jpg

Måndag 21.august kl.08.35 er det klart for skulestart ved Skodje ungdomsskule. Skuledagen varer som vanleg til kl.14.15.

Vi ønskjer alle elevane våre vél møtt til skulestart!

Publisert 16.08.2017
Ingrid Grimsmo  Jørgensen.jpg

Skodje ungdomsskule er saman med barneskulen og barnehagane i Skodje kommune med på den nasjonale satsinga "Inkluderande barnehage og skulemiljø", som Utdanningsdirektoratet står bak.

Tysdag denne veka var alle tilsette samla for felles fagleg påfyll i Gomerhuset, der Ingrid Grimsmo Jørgensen frå Høgskolen i Innlandet heldt eit inspirerande foredrag om temaet. 

Målet med satsinga er at barn og ungdom i Skodje skal oppleve eit trygt, inkluderande og godt barnehage- og skulemiljø.

Utviklingsarbeidet kjem parallellt med endringa av §9A i Opplæringslova, gjeldande frå 01.08.17, som mellom anna lovfestar elevane sin rett til ein mobbefri skule.

Publisert 13.06.2017
eksamen.jpg

 Denne veka er det klart for munnleg eksamen for 10.trinnet ved Skodje ungdomsskule. 

Elevane får vite faget dei kjem opp i onsdag kl.09.00, og trekkjer eksamensoppgåve på torsdag til same tid. Til saman har dei 48 timar til å førebu seg i faget, og 24 timar til å førebu seg på sjølve eksamensoppgåva.

Publisert 07.06.2017
IMG_1108.JPG

Vinnargruppa av Innovasjonscamp 2017 ved Skodje ungdomsskule, slo til med ein flott andreplass under regionfinalen i Parken kulturhus i Ålesund på onsdag.

Publisert 12.05.2017
eksamen.jpg

Fredag morgon fekk avgangselevar over heile landet vite kva fag dei kjem opp i på skriftleg eksamen. Ved Skodje ungdomsskule vart dei to tiandeklassene trekt ut til å ha eksamen i høvesvis engelsk og matematikk. 

Eksamen i matematikk går føre seg tysdag 16.mai, medan eksamen i engelsk skal gjennomførast fredag 19.mai. Kultursalen i Gomerhuset fungerer som eksamenslokale for ungdomsskulen. 

Vi ønskjer elevane lukke til med eksamen!

Publisert 12.05.2017
Tinestafett 2017.JPG

Tinestafetten er verdas største stafett, med over 100 000 deltakarar rundt om i heile Noreg.

Onsdag 10.mai representerte elevar frå 8B Skodje ungdomsskule under årets stafett på Aksla Stadion. Dei slo til med flott innsats, og hamna øvst på pallen i si pulje med tida 4.01.5

Den blide gjengen kunne difor fornøgde slå fast at Tinestafetten - det er gøy!

Gratulerer til ivrige elevar og velvillige foreldre for innsatsen under årets stafett. 

Publisert 24.04.2017
DSC_8251.JPG

10.trinnet er i skrivande stund på skuletur til Tyskland og Polen.  

Etter 8 døgn på dannelsesreise i buss og båt, er dei tilbake på Skodje onsdag kveld denne veka.

I tillegg til alvoret i Auschwitz og ved Berlinmuren, har elevane fått oppleve både saltgruvene i Wieliczka og bading på Tropical Island - i tillegg til storbyopphald med shopping og sightseeing i Krakow og Berlin.

Det er sjuande gongen avgangselevar frå Skodje ungdomsskule gjennomfører denne turen, som vert arrangert i samarbeid med SI-reiser. 

Vi ønsker gjengen god tur heim!

Publisert 24.04.2017
skolecupen_5f_ny_to_kolonner.jpg

Etter ein knivskarp semifinale i Ulsteinhallen i november, vart tre jenter frå ungdomsskulen kvalifiserte til finalen i skulecupen i friidrett som går av stabelen på Molde tysdag denne veka.

Oline Opsal frå 9.klasse er utteken i kule og lengde, medan Anniken Haukeberg og Julia Vatne skal konkurrere i 60m for 8.klasse.

Vi ønskjer dei lukke til!

Publisert 07.04.2017
IMG_0424.JPG

 Fredag var det finale i innovasjonscampen til 9.trinnet. Etter ti flotte presentasjonar frå gruppene, hadde juryen eit veldig vanskeleg oppdrag med å kåre dei tre beste prosjekta. 

Til slutt vart gruppa som hadde Sparebanken Møre som oppdragsgivar ståande att som vinnar med sin spare-app for barn. Dei får no tilbod om å delta på regionfinalen som skal gå føre seg i Ålesund onsdag 7.juni. Vi gratulerer!

Vi vil takke mentorane i Sparebanken Møre, Skodje kommune, Made in Fjords, Puls'n, Isolaft, Kleven Ulstein og Digernes Næringspark for verdifull innsats og støtte under innovasjonscampen.

Publisert 04.04.2017
Innovasjonscamp kick off.jpg

Denne veka gjennomfører 9.trinnet på ungdomsskulen Innovasjonscamp

Innovasjonscamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping, der elevane arbeider fram ei løysing på ei reell problemstilling som ein oppdragsgivar har gitt. 

I år stiller Sparebanken Møre, Isolaft, Kleven, Digernes Næringspark AS, Puls'n, Made in Fjords og Skodje kommune som oppdragsgivarar og mentorar.

Publisert 28.02.2017
Danelle_og_Kristine.png

Blant mange flinke fotballjenter på 9.trinn, finn vi Ange Danelle Bizohera og Kristine Gulbrandsen. Dei har dei siste par åra markert seg sterkt i jentefotballen på Sunnmøre. 

Jentene var sentrale på J14-laget til Skodje som tok sølvmedalje under Norway Cup i fjor sommar, og begge har vore på både by- og kretslag ei stund. Kristine vart også teken ut på den nasjonale talentssamlinga i Sandnes i fjor.

No er jentene tekne ut på fylkeslaget som skal til Trondheim og spele turnering 11.-12.mars (sjå faksimile frå dagens BB). Dei føyer seg dermed fint inn i rekka av talentfulle skøyejenter, og tidlegare elevar som Cecilie Otterlei og Kristine Bjørdal Leine.

Vi gratulererer til Danelle og Kristine, og ønskjer både dei og dei andre jentene på laget deira lukke til med fotballen i 2017!

Publisert 28.02.2017

Det vil vere inntil 300% ledige lærarstillingar ved Skodje ungdomsskule f.o.m. 01.08.2017.

Søknadsfrist: 15.mars. 

Publisert 17.02.2017
Skodjegrandprix16.jpg

Årets Grand Prix vart gjennomført i Gomerhuset torsdag kveld. Etter eit par veker med intens førebuing, kunne dei sju klassene vise fram bidraga sine for publikum og hauste stor applaus for kreativ innsats på scena. 

Under kåringa gjorde 9.trinnet reint bord. Med førsteplass til 9B, andreplass til 9A og tredjeplass til 9C, gjentok dei bragden frå i fjor då dei som 8.klassingar tok første-, andre- og fjerdeplass. Vi gratulerer med fantastisk innsats!

Takk til 10.trinnet ved elevar, lærarar og foreldre som stod som arrangør og sørga for eit prikkfritt arrangement!

På smp.no kan du sjå fleire bilete frå årets Grand Prix.

Publisert 31.01.2017

Søndag gjekk UKM av stabelen i Gomerhuset. Det vart eit variert møte med ung kultur i Skodje. Både dans, film og musikkinslag vart framført frå scena til stor applaus frå salen. 

Tradisjonen tru stod 9.trinnet  som arrangør i samarbeid med kultureininga i kommunen. Overskotet frå inntektene går til trinnet sin skuletur til Berlin og Krakow i 2018.

På smp.no kan du sjå ein biletserie frå arrangementet.

Publisert 27.01.2017
UKM-plakat.png

Søndag 29.januar kl.17.00 er det klart for årets UKM i Gomerhuset.

Billettar kan kjøpast ved inngangen, og kostar kr 50,- for born og kr 70,- for vaksne. Dørene opnar kl.16.00. 

Den første forestillinga startar kl.17.00, den andre kl. 18.30. Innimellom vert det kunstutstilling kafé og tombola.

Vél møtt til ein ettermiddag der Ung Kultur Møtest i Skodje!

9.trinnet ved Skodje ungdomsskule står som arrangør i samarbeid med kultureininga i Skodje kommune.

Publisert 16.01.2017
logo-ungdomstrinn-i-utvikling.png

Tysdag 17.januar skal undervisningspersonalet ved ungdomsskulen ha studiedag i samband med den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling, som Utdanningsdirektoratet står bak.

Skodje ungdomsskule samarbeider med Giske kommune og Høgskulen i Volda i dette arbeidet. Tema som rekning i alle fag og klasseleiing står på agendaen i prosjektperioden som varer fram til jul. Denne gongen er det rekning som er temaet, og Valderøy ungdomsskule er vert for studiedagen. 

Elevane ved ungdomsskulen avspaserer overtid denne dagen.

Publisert 06.01.2017
UKM_logo.png

Driv du med song, dans, spelar instrument åleine eller i band, lagar film eller noko anna som passar på ei scene? Likar du å teikne, måle eller driv med andre kunstuttrykk? Då passar UKM perfekt for deg!

Ungdommens kulturmønstring (UKM) vert arrangert arrangert i Gomerhuset søndag 29.januar. 

Påmeldingsfristen er 22.januar kl. 23.00, og skjer via ukm.no

Arrangør er 9.trinnet i samarbeid med kultureininga v/Magne Fylling. 

Publisert 13.12.2016
IMG_0111.JPG

Fredag 2.desember var det klart for årets Gomerdag. Aktivitetsdagen i idrettshallen har blitt arrangert kvart år sidan Gomerhuset stod ferdig, og har på mange måtar blitt elevrådet sin store dag - sidan dei er ansvarlege for både planlegging og gjennomføring.

Publisert 06.12.2016
IMG_0135.JPG

Ungdomsskuleelevane vart møtt med fengande mexicansk musikk, sombreroar og pinjataer då dei kom til kantina i matfri på tysdag denne veka.

Då gjennomførte nemleg gjengen med 9.klassingar i elevbedrifta Tacosjappa sitt lunsjarrangement i samband med konkurransen NM i Lunsj, som Helsedirektoratet står bak.

Publisert 05.12.2016
NMilunsj-400x250.jpeg

I lunsjpausen tysdag denne veka, er det klart for haustens happening i kantina på Gomerhuset.

Då skal ei gruppe med elevar frå 9.trinn delta i NM i lunsj, som er ein konkurranse som Helsedirektoratet arrangerer.  

Tacosjappa, som dei kallar seg - lovar mexicansk stemning med fengande musikk og mini-tacos på menyen!

Publisert 17.11.2016

Resultata frå dei nasjonale prøvene for 8. og 9.trinn vart offentleggjort av Utdanningsdirektoratet denne veka.

8.trinnet har hatt nasjonale prøver i både lesing, rekning og engelsk, medan 9.trinnet har hatt prøver i lesing og rekning.

Publisert 08.11.2016
motilåleve.jpg

Onsdag denne veka er det Mot til å leve-dag ved ungdomsskulen. Dagen er den lokale avslutningsdagen i MOT si meistringsreise

MOT til å leve-dagen skal vere ein dag der elevane utfordrar komfortsona si - men samstundes opplever meistringsgleda over å lukkast.

Med utfordringar som Potetkanonskyting, Niusen rett opp, Streetdance, Musikkinnslag, Skateboard, Trampoline, Skrekkfilm, Hesteriding, KokkekampIkkje gjer dette heime og andre aktivitetar på menyen, skulle både potensielle utfordringar og meistringsopplevingar stå i kø!

Publisert 25.10.2016
Sykkeltur.JPG

Denne gjengen med blide 9.klassingar frå gruppa i fysisk aktivitet og helse, feira det flotte haustveret med sykkeltur rundt Svartløken på tysdag . 

Med innlagt rast både ved Liasetra i Solnørdalen, og ved varmestova på Tomresetra (biletet), gjekk dei 31 kilometrane mest som ein leik.

Det er veldig sytalaust å vere med så spreke og positive elevar på tur.

Publisert 23.10.2016
TVA_FB_logo_2016_RGB.png

I samband med TV-aksjonen, har elevar ved Skodje ungdomsskule denne veka hatt sponsorløp i gymtimane sine for å sette fokus på saka.

Totalt sprang 83 elevar frå 8. og 9.trinn over 1000 rundar rundt stadion!

Publisert 03.10.2016
Trond Herje

 Trond Herje tok over som skulefagleg ansvarleg i Skodje kommune frå 1. oktober 2016.

Publisert 26.09.2016
IMG_9812.JPG

Elevrådet arrangerte i dag lunsj i kantina for alle elevar og lærarar ved ungdomsskulen. Det vart ein triveleg og sosial happening, der alle såg ut til å kose seg i lag.

Ordføraren var også til stades, og uttrykte stor glede over det miljøskapande initiativet til elevrådet.Taco-tallerken stod på menyen, og kokkane i elevrådet fekk honnør for eit velsmakande og flott måltid.  

Publisert 02.09.2016
Kult med kajakk

 9.trinnet har dei siste to dagane hatt eit prosjekt knytt til faget kroppsøving. Med innlånt instruktør frå Friluftsrådet, samt eigne lærarkrefter - har elevane gjennomført førstehjelpskurs, padla i kajakk, vore på fjelltur og laga mat.

Sjølv om vêrgudane ikkje heilt spelte på lag, har elevane gjennomført dagane med godt humør og positiv innstilling. Dagane vart avslutta med fellesmiddag i Gomerkantina torsdag og lunsj i Murvika fredag, der sjølvlaga brennsnut med grove scones og pinnebrød stod på menyen .

Takk til Sunnmøre friluftsråd for lån av kajakkar og flink instruktør!

Publisert 01.09.2016
Avgangselevane våren 2016, gjekk ut frå Skodje ungdomsskule med veldig gode resultat. Det fortel statistikken som Utdanningsdirektoratet publiserte den 30.august via Skoleporten. Det er andre året på rad med positive tal for Skodje ungdomsskule.
Publisert 19.08.2016

Måndag 22.august er det endeleg klart for skulestart. Elevar og tilsette møter i kultursalen i Gomerhuset kl. 08.35 til ei felles oppstartsøkt. Vél møtt!

Publisert 18.08.2016
Illustrasjonsfoto.png

På ungdomsskulen disponerer vi kantina i Gomerhuset til elevkantine. I tillegg til å vere ein sosial møtestad, der elevane kan ete nista si - vert det mogleg å kjøpe litt mat også. 

Publisert 10.08.2016

Frå august 2016 har Skodje ungdomsskule nokre endringar i skuleskysstidene.

Vi gjer særleg merksam på følgjande:

- Utvikbussen går frå Moa bussterminal kl. 07.25 kvar dag.

- Returskyss for Engeset og Stette går frå Skodje ungdomsskule kl. 14.25 måndagar og kl. 14.40 resten av veka.

Sjå elles rutekart i lenkja under:

Skuleskysskart for Skode ungdomsskule (PDF, 55 kB)

Publisert 05.08.2016
skodje_07erlendvikenesmp.jpg

Vi gratulerer Skodje J14 med fantastisk innsats og sølvmedalje på Norway Cup 2016! 

Det er veldig gledeleg å sjå at også ein liten klubb som Skodje IL kan hevde seg i verdas største fotballturnering for ungdom.

Publisert 17.07.2016

Kontoret er stengt i juli, men vil vere bemanna frå første veka i august. Om det skulle vere spørsmål før den tid, ta kontakt med ekspedisjonen på rådhuset på tlf. 70 24 40 00.

Første skuledag for elevane er måndag 22.august, medan lærarane vil vere tilbake på jobb for fullt f.o.m. tysdag 16.august.

Vi ønskjer alle elevar og føresette framleis god sommar!

Publisert 01.06.2016
IMG_8926.JPG

Medan 10.klassingane svettar seg seg gjennom munnleg eksamen, dreg 8.klassingane heller på tur.

I går var heile trinnet på sykkeltur i Fyllingsmarka, med innlagt grillings på Steinsetsætra og bading i Mevatnet.

I dag har gjengen som har valfaget fysisk aktivitet og helse hatt orienteringsløp og matlaging på bål ved Gomerløa. Vêret svingar, men humøret er på topp uansett!

Publisert 18.05.2016
eksamen.jpg

 I dag fekk spente tiandeklassingar ved Skodje ungdomsskule, og elles i Noreg - beskjed om kva fag dei kjem opp i til skriftleg eksamen.

Ved vår skule kom dei tre tiandeklassane også i år opp i kvart sitt fag; engelsk, norsk og matematikk. 

Publisert 14.04.2016
Moteshow 2013 - 8 klasse 591.JPG

Ta med deg vener og kjende til Gomerhuset onsdag 20. april for å sjekke ut årets vår- og sommarmotar. Då skal nemleg 8. trinnet ved Skodje ungdomsskule arrangere moteshow.

Elevar og foreldre stiller som mannekengar, og velvillige butikkar på Moa og Skodje låner ut klede til showet. I tillegg til mannekengoppvisning, blir det songinnslag frå scena, samt kafe og loddsal i kantina.

Publisert 19.02.2016
IMG_8500.JPG

Det var stor ståhei i Gomersalen torsdag kveld under årets flotte Grand Prix show. Mellom 500-600 tilskodarar fekk med seg dei to forestillingane, og innslaga skapte som vanleg stor stemning blant publikum i salen.

Med sitt fartsfylte og flotte innslag "Treningsleir", var det 8B som drog i land sigeren. Like bak kom 8A med sitt dagsaktuelle innslag om kommunereformen, "Du kjære Skøye" - medan 10A kom på 3.plass med "#TB Ungdomstid".

Publisert 04.02.2016
SkodjeGP9_nett.jpg

Torsdag 18.februar er det klart for vårens vakraste eventyr i Gomerhuset. Då arrangerer arrangerer nemleg 10.trinnet ved Skodje ungdomsskule Grand Prix 2016!

Klassane er no i full gong med å førebu tekstar, tema og forrykande sceneshow  - og vi håper publikum vil fylle salen med jubel og applaus også i år.

Publisert 29.01.2016
UKM logo.png
Søndag 7.februar er det klart for UKM 2016 i Gomerhuset. Aktørar mellom 10 og 20 år vil synleggjere ungdomskultur gjennom sceneinnslag, film og utstillingsprodukt.  
 
Sceneshowet startar kl. 16.00, men dørene opnar kl 15.00 for førehandssal av billettar. Frå kl. 15.00 vert det også open kafé, loddsal og kunstutstilling. Vi ønskjer deltakarane lukke til, og vél møtt til publikum!
 
Bill.vaksne kr 60,- Born kr 40,-  
Arr. 9.trinn v/Skodje ungdomsskule
 
Publisert 21.01.2016
Documents-Bilder-NFF-2016-G16-g16_lagbilde_norge_tsjekkia_foto_marius_boe_nff.jpg

Tiandeklassingen Anders Waagan frå Skodje, har denne veka delteke i Aegean Cup i Tyrkia med Noreg sitt G16-landslag i fotball. Der har dei møtt gode lag som Tsjekkia, Ukraina og Tyrkia - og den talentfulle guten med nr. 19 på drakta var på bana frå start i to av kampane.

Anders er den siste i rekka av skodjeungdommar som har vore innom aldersbestemte landslag i fotball dei siste åra. Han følgjer fint i fotspora til Kristine Leine og Cecilie Otterlei.

Til dagleg spelar Anders for Aafk, og det skal bli spanande å følgje med på utviklinga hans vidare både der og på landslaget.

Vi gratulerer med landslagsoppdraget, og ønskjer han lukke til vidare med fotballkarriera!

Publisert 30.12.2015

Skuleruta finn du på denne lenkja (PDF, 100 kB)

Publisert 30.12.2015

Skulen vil takke for fint samarbeid hausten 2015 og ønskje alle elevar og føresette ei framleis god jul og eit godt nyttår.

Måndag 4.januar er det planleggingsdag ved skulen, så første skuledag for elevane er tysdag 5.januar. Vél møtt!

Publisert 11.12.2015
Gomerdag

Kvart år før jul, arrangerer elevrådet ein aktivitetsdag med ulike turneringar i Gomerhuset. Den såkalla Gomerdagen har etablert seg som ein triveleg og sosial happening som både elevar og lærarar gler seg til, og i dag vart årets Gomerdag gjennomført.

Tradisjonen tru var det volleyballturnering mellom lag som er blanda på tvers av klasser og trinn før lunsj, og amerikansk kanonballturnering mellom klassene etter lunsj. I år var det i tillegg også ei lita landhockeyturnering parallelt med volleyballturneringa.I lunsjen var det sal av vaflar og pizza i kantina. 

Etter mange intense kampar både på volleyball, landhockey - og ikkje minst kanonballbana, kunne fornøgde elevar og lærarar ta helg. 10A stod att som vinnarar av årets kanonballturnering, etter å ha gjort kort prosess med lærarlaget i finalen. Lærarane kunne trøyste seg med at dei var utilnærmelege i volleyballturneringa, sjølv om dei møtte det modige Ungdom Med Mot-laget i finalen. 

Takk til alle for ein triveleg dag i Gomerhuset.

Publisert 30.11.2015
eksamen.jpg

I september gjennomførte 8.trinnet nasjonale prøver. Gledeleg nok scorar Skodje ungdomsskule sine 8.klassingar godt over lands- og fylkesgjennomsnitt i både lesing, rekning og engelsk. 

Publisert 16.09.2015

Kvar haust gjennomfører elevane på 5. og 8.trinn nasjonale prøver i rekning, lesing og engelsk, medan elevane på 9.trinn gjennomfører same prøva som 8.trinn i lesing og rekning.

Elevane på 8. og 9.trinnet gjennomførte nasjonale prøver i lesing tysdag 15.september, medan dei skal gjennomføre nasjonale prøver i rekning og engelsk i veke 39-40. 

Du kan lese meir om nasjonale prøver på udir.no

Publisert 16.09.2015
10.trinn m lærarar 2015.jpg

Avgangselevane våren 2015 gjekk ut frå ungdomsskulen med gode resultat både når det gjeld grunnskulepoeng, eksamenskarakterar og ved Elevundersøkinga. Det fortel tala som blei publisert av Utdanningsdirektoratet via Skoleporten i byrjinga av september.

Publisert 11.09.2015
IMG_7287.JPG

 Årets hausttur gjekk til Remeheia og Urfjellet (839 moh) i Haram. Strålande septembersol og sommarleg temperatur gjorde at det vart ein særs fin skuledag for alle dei om lag 160 spreke skodjeungdommane som var med.

Publisert 18.08.2015

Det blir foreldremøte for 8.trinn, torsdag 27.august kl.18.30-20.00. Det blir først eit felles informasjonsmøte på rom 207, deretter blir det klassemøter med kontaktlærarane.

Vél møtt!

Publisert 18.08.2015
IMG_3027.JPG

8.trinnet hiv seg rundt i fineveret og dreg på Bli-kjend tur til Frostadtind i morgon,onsdag. Det blir avreise med buss frå skulen kl. 09.00, med retur frå Storsætra kl.13.15. Oppmøte klassevis på skulen til vanleg tid. God tur!

Publisert 18.08.2015

Her er Informasjonsheftet (PDF, 2 MB) som elevane fekk utdelt ved skulestart. I heftet finn du mellom anna skuleruta, ordensreglar, fråværsrutinar og ulike skjema.

Publisert 18.08.2015

 Ønskjer du å abonnere på skulemjølk? Då må du registrere bestillinga di på www.skolemelk.no . Nokre dagar etter at bestillinga er registrert, vil du kunne hente mjølkeproduktet ditt i TINE-kiosken i matfri. I TINE-kiosken er der også laussal av mjølk, youghurt og juice. 

Publisert 15.08.2015

Måndag 17.august er første skuledag ved Skodje ungdomsskule. Skuledagen startar kl. 08.35 med ei kort fellessamling i gymsalen. Vel møtt!

Publisert 08.05.2015
eksamen.jpg

 Onsdag 13.mai kl. 09.00 får tiandeklassingane ved Skodje ungdomsskule beskjed om kva fag dei kjem opp i til skriftleg eksamen. Det som er sikkert er at ei klasse vil kome opp i engelsk, ei i matematikk og ei i norsk - spaninga går på kven som kjem opp i kva.

Skriftleg eksamen vil gå føre seg i veke 21-  med eksamen i engelsk tysdag 19.mai, eksamen i matematikk onsdag 20.mai og eksamen i norsk torsdag 21. og fredag 22.mai. Eksamen vil bli arrangert på scena/bakscena i Gomerhuset.

Munnleg eksamen vil gå føre seg i perioden 8.-12.juni. 

Les meir om eksamen i grunnskulen på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Vi ønskjer tiandeklassingane våre lukke til med eksamen!

Publisert 08.05.2015
IMG_5650.JPG

Det vart i dag halde ei enkel og fin markering på ungdomsskulen i høve 70-årsmarkeringa av frigjeringsdagen 8. mai 1945. 10. klassingar las dikt, før resten stemte i med nasjonalsongen. 
 
Seinare på dagen deltok 8. klassene på ei minnesmarkering på Jentekolonien.
Publisert 05.05.2015
DSC_8251.JPG

Om kvelden torsdag 23.april, returnerte to bussar med 62 elevar og 12 vaksne til Skodje ungdomsskule frå ei 8-dagars reise til Berlin og Krakow. Den lenge planlagde og etterlengta skuleturen til 10.trinnet var over.

Publisert 19.03.2015
Elevunderøkinga_10.trinn_2015_samanlikna_med_fylke_og_nasjon.png

Fredag 13.mars, vart resultata for Elevundersøkinga 2014 offentleggjort via Skoleporten. 10.trinnet ved Skodje ungdomsskule kjem i år svært godt ut. Samanlikna med både fylke og nasjon, scorar skulen over gjennomsnittet på nesten alle kategoriar.

Publisert 19.03.2015

 Om PISA-sjokket kjem til Skodje trur vi ikkje, men i alle fall er skulen vår trekt ut til å delta i den internasjonale testen PISA 2015. Dei 30 tilfeldig uttrekne tiandeklassingane skal gjennomføre årets PISA-undersøking fredag før påske.

Publisert 18.03.2015
Skidag

 Tysdag denne veka hadde ungdomsskulen skidag på Overøye. Det var ein strålande dag i varmt solskin og flotte løyper. Dei mange aktive elevane våre kosa seg i lag i både alpintbakken og i langrennsløypene innover mot Fokhaugstova. 

Publisert 11.02.2015
smp10b.jpg

Torsdag 12.februar arrangerer Skodje ungdomsskule Grand Prix i Gomerhuset. Det blir i år som i fjor to forestillingar, den første kl.17.30 og den andre kl.19.00 (m/kåring). Dørene opnar kl.17.00. Billettar får du kjøpt via gomerhuset.no. 

Oppdatert: Forestilling 2 er på det nærmaste utseld. Dersom du har tenkt deg på Grand Prix, må du skunde deg å kjøpe billettar. Det er framleis god plass på forestilling 1. Restsal av billettar ved inngangen frå kl.16.30 på torsdag.

Publisert 11.08.2014

 Vi vil med dette ønskje alle elevane vél møtt til skulestart måndag 18.august! Vi møtest i Gomerhuset kl. 08.35, før vi går til klasseromma. Skulen sluttar til vanleg tid, kl. 14.15.

Publisert 26.06.2014
Skodje ungdomsskule

Vi vil takke alle våre brukarar for samarbeidet i skuleåret som er gått og ønskje alle ein god sommar! 

Kontoret vert stengt mellom 7.juli og 4.august. Ta kontakt med servicekontoret i denne perioden. 

Vél møtt til skulestart måndag 18.august!

Publisert 02.06.2014
cecilie_o320.jpg

To av elevane ved Skodje ungdomsskule har fått svært hyggelege beskjedar i det siste.Toralv Opsal (16) er teken ut på U18- landslaget i friidrett, medan fotballspelaren Cecilie Otterlei (14) er innkalla til landslagssamling for U15. Dette synest vi er stas! 

 
 
 
 
 
 
 
Publisert 19.05.2014
IMG_2110.JPG

Måndag 19.mai var 9.trinnet ved Skodje ungdomsskule på eit kombinert bedrifts- og skulebesøk hos VARD Søviknes og Haram vidaregåande skule. Dette blei ein lærerik dag med praktisk yrkesorientering for både elevar og lærarar.

Publisert 16.05.2014
eksamen.jpg

Neste veke er det klart for  skriftleg eksamen i grunnskulen. Ved Skodje ungdomsskule vil dei tre tiandeklassene kome opp i kvart sitt fag, slik at alle dei tre skriftlege faga vil bli prøvd. 

Eksamen vil gå føre seg på scena og bakscena i kultursalen i Gomerhuset, og vi vil be andre brukarar og besøkande om å ta omsyn til dette.

Publisert 16.05.2014
tinestafetten_-_verdas_stoerste_stafett.jpg

 Skodje ungdomsskule deltok torsdag 15.mai med tre lag på TINE-stafetten på Valdervoll i eit forrykande uvær. Regn og vind la ein dempar på arrangementet, men alle tre laga fekk fine pallplasseringar i sine klasser. Gratulerer til 8.klasse med første og tredjeplass i si klasse, og til 9.klasse med ein fin tredjeplass!

Publisert 16.05.2014
Skulecupen i friidrett

 Tysdag 7.mai var elevar frå Skodje ungdomsskule på Molde for å delta på finalen i skulecupen i friidrett. Som regjerande meister hadde skulen mykje å forsvare, og sjølv om vi ikkje fekk med oss gullet til Skøye i år, var vi berre fire poeng frå samanlagtsigeren. Stor honnør til alle som deltok. Gratulerer til Åshild og Toralv Opsal med fine førsteplassar i sine individuelle tevlingar, og til Maria Hansen for ein flott andreplass på 60m for 10.klasse jenter.

Publisert 24.03.2014

 Før påske vil det bli gjennomført ei spørjeundersøking på Skodje ungdomsskule knytt til ungdom sine oppvekstvilkår i Skodje kommune. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid med NOVA og KoRus. Etter behandling av datamaterialet vil Skodje kommune få ein rapport som vil bli brukt i arbeidet med utarbeiding av samfunnsplanen. 

Informasjon til elevar og føresette finn du på denne lenkja. (DOCX, 42 kB)

Publisert 14.03.2014

Frå 01.08.14 - tre månaders vikariat i 100% stilling. Søkjer må dekke faga matematikk, naturfag, engelsk og kroppsøving.

Dersom det blir andre ledige stillingar, vil ein nytte utvida søkjarliste for å dekkje desse. Det kan også bli behov for tilkallingsvikarar.

Vi ber om at kommunen sitt søknadsskjema med utfylt CV-del vert nytta. Skjema og meir informasjon om stillingane finn du her.

Søknadsfrist: 28.mars 2014

Publisert 04.02.2014

 Nokre 8.klassingar har valfaget "Medier og informasjon" eit par timar kvar veke. Dei lagar mellom anna ei nettbasert skuleavis. Den finn du på denne lenkja.

Publisert 31.01.2014
sunniva med MOT-blad.jpg

I Skodje er vi kry over å vere eit Lokalsamfunn med MOT. Som ein oppmuntring til arbeidet med ungdomar har vi fått tilsendt det seinaste MOT-bladet til utdeling. Sunniva Eirin Sandvik er ein av våre "signalbærarar med MOT"  og hun vil hjelpe med å spre bladet til ungdomane i vår kommune. Dersom du får bladet - les det!

Publisert 16.01.2014
melddegpa.jpg

Påmeldingsfristen går ut søndag 19.januar kl. 23.00. Gå inn på denne lenkja for påmelding.

 

UKM skal arrangerast laurdag 25.januar kl. 17.00 i Gomerhuset, og 9.trinnet står som vanleg som arrangør.

Publisert 20.11.2013

 Elevar og foreldre på 10.trinnet arrangerer Skodje talenter i Gomerhuset fredag 22.november. Det blir kiosk frå kl. 17.00 før sjølve talentshowet startar kl. 18.00. Vi vil oppmode alle til å møte opp og vere med på ein triveleg kveld i Gomerhuset! Les meir om arrangementet på Facebook.

Publisert 20.11.2013
Gomerdag

 Ein eller to gongar kvart skuleår, arrangerer elevrådet Gomerdag. Enkelt forklart er det ein aktivitetsdag i idrettshallen med ulike ballspelkonkurransar, både på tvers av og mellom klassene på skulen. I dag vart årets første Gomerdag arrangert.

Publisert 20.11.2013
cimg3919.jpg

Skodje ungdomsskule vann i fjor samanlagtsigeren i skulecupen i friidrett i Møre og Romsdal, etter strålande innsats frå våre elevar som var med der. Torsdag 31.oktober var det klart for semifinalar i årets skulecup i Sykkylven storhall. 

Publisert 19.09.2013
logo.gif

Torsdag 19.september blei årets Ungdomskonferanse gjennomført, med val av nytt ungdomsråd. 10 nye representantar blei valt inn i Ungdomsrådet. Vi ønskjer det nye Ungdomsrådet lukke til i arbeidet for ungdom i Skodje kommune, og takker avgåande ungdomsråd for ei kjempegod innsats!

Publisert 18.09.2013

Vi er blitt gjort kjent med at elevar ved Skodje ungdomsskule har blitt utsett for grov personleg sjikane via nettstaden/appen ask.fm. Vi vil difor med dette åtvare foreldre/føresette om dette sosiale mediet - som også har fått mykje negativ omtale i media i det siste.


Publisert 14.09.2013
terje_sporsem.jpg


Fredag 20.september er det klart for stand-up showet "Krig" med ålesundaren Terje Sporsem i Gomerhuset. Elevar og foreldre på 9.trinnet står for arrangementet, der eit eventuelt overskot går til inntekt for trinnet sin skuletur i 2015. Forestillinga startar kl. 20.00, og det vert kafé frå kl. 18.30. Billettar kan kjøpast via  Gomerhuset si heimeside eller ved inngangen.

Publisert 06.09.2013
skuleval.jpg

Fredag 6. september har 10. trinn gjennomført skuleval ved Skodje ungdomsskule. Elevane blei henta klassevis til tekstilrommet der dei blei kryssa av i manntalet, logga seg på Fronter, og avga stemme elektronisk. Alle dei 13 partia som stiller til val i Møre og Romsdal var representerte i valet her.



Publisert 03.09.2013

Det er snart klart for årets nasjonale prøver for 8. og 9.trinn:

Lesing 8. og 9.trinn, onsdag 11.september

Engelsk 8.trinn i veke 39 (23.-27.september)

Rekning 8. og 9. trinn i veke 43-44 (21.oktober- 1. november)

Meir informasjon om nasjonale prøver, finn du på denne lenkja.

Publisert 16.08.2013
Skodje ungdomsskule

Det er klart for skulestart på ungdomsskulen, måndag 19.august, og vi vil med dette ønskje alle elevane velkomne.

Elevane møter i kultursalen på Gomerhuset til ei felles samling kl. 08.35 før vi går til klasseromma. Dagen sluttar til vanleg tid kl. 14.15.

Vél møtt!


Publisert 12.08.2013

Web-pålogging til ny e-post finn du på denne lenkja.

Publisert 10.07.2013

Vi vil takke for året som er gått og ønskje alle brukarar god sommar. Første skuledag til hausten er måndag 19.august. Vél møtt til skulestart! Skuleruta finn de på denne lenkja.

Publisert 07.06.2013

Tidleg om morgonen ein tysdag i slutten av april gjekk ein stor flokk på 50 tiandeklassingar og nokre lærarar om bord i eit fly på Vigra. Reisemål: England. Første stopp: London. Alle var frykteleg spente og forventningsfulle. Endeleg var dagen komen, dette hadde vi venta på SÅ lenge!


Publisert 22.05.2013
tinestafetten_-_verdas_stoerste_stafett.jpg


Tysdag 14.mai deltok elevar frå 8.trinnet på TINEstafetten på Aksla stadion i Ålesund. Trinnet stilte to lag, med til saman 18 deltakarar. I tillegg var omlag like mange med for å heie dei fram. 

Sjølve stafetten var på 8 x 200 meter med fire jenter og fire gutar på kvart lag.

Det eine laget var suverene i sitt heat, men var fattige 4 tidelar frå å vinne samanlagt for 8.klasse. Det andre laget kom på andreplass i sitt heat og fekk ein fin sjetteplass samanlagt.

Gratulerer til alle deltakarane med kjempeflott innsats! 

Vi vil også takke medelevane som stilte opp og heia og foreldra som var med som sjåførar på kort varsel!

Publisert 22.05.2013

Neste års 8.klassingar er inviterte til ungdomsskulen på besøk, tysdag 28.mai. Då vert det omvisning og møte med nye lærarar og klassekameratar. Tilsaman ventar vi 65 nye elevar på dette trinnet, og dei vil bli delte i tre klasser.

I forlenginga av besøket skal gamle og nye kontaktlærarar ha møte, før det om kvelden blir foreldremøte for det nye 8.trinnet kl. 1800. 

Vél møtt til dei nye 8.klassingane ved Skodje ungdomsskule! 

Publisert 22.05.2013
eksamen.jpg

Eksamenstida er i gang ved Skodje ungdomsskule. Denne veka er det klart for skriftleg eksamen, medan munnleg eksamen går føre seg i perioden 11.-13.juni. 

I år vart 10.klassingane trekt ut i norsk skriftleg, og det vert eksamen i hovudmål torsdag 23.mai og i sidemål fredag 24.mai. Elevane har ein førebuingsdag på skulen, onsdag 22. mai. 

Eksamen går føre seg i idrettshallen i Gomerhuset, og all anna verksemd der må vike desse dagane. 

Vi vil med dette ønskje alle 10. klassingane lukke til med eksamen! 

Publisert 13.05.2013
tove,_embla_og_marita_i_cartagena.jpg


Denne veka får Skodje ungdomsskule besøk av elevar og lærarar frå Tyrkia, Romania, Tyskland/Luxemburg, Frankrike og Spania. Besøket er i regi av Comenius-prosjektet, som franskgruppa på 10.trinnet har vore med på dei tre siste åra. 

Publisert 10.05.2013
valfag_paa_puls'n.jpg

Valfag vart gjeninnført på ungdomsstrinnet frå hausten 2012. På Skodje ungdomsskule valde heile 38 åttandeklassingar valfaget fysisk aktivitet og helse. No i vår har mellom anna eit treningsbesøk på Puls'n stått på vekeplanen.


Publisert 01.05.2013

Førre veke var 10.trinnet på skuletur til England. Etter rapportane var det ein vellukka tur med opplevingar både frå London og Scarborough. Etterkvart håper vi på å få eit reisebrev som vi kan publisere her på heimesida.

Until then: Vél attende og lukke til med tentamenar og eksamenar framover mai og juni.

Publisert 10.04.2013

Førstkomande torsdag kl. 18.00 er det klart for moteshow i Gomerhuset. Elevar og foreldre på 8.trinn ved Skodje ungdomsskule står som arrangørar. I tillegg til mange unge og vaksne mannekengar med flotte klede, vert det underhaldning frå scena. Inntektene frå arrangementet går til trinnet sin avslutningstur til utlandet i 10.klasse. Vi oppmoder alle til å ta turen innom, og ønskjer lukke til med arrangementet!

Publisert 06.03.2013
skiloeyper.jpg


Vi satsar på finever og går for skidag førstkomande fredag. Turen i år går til Overøye i Stordal. Vi gler oss til ein strålande  dag i både alpine og nordiske løyper, og satsar på varmande sol og gode forhold.

Publisert 13.02.2013
Foto: Bjørn Vatne, Sunnmørsposten

Etter eit par veker med intens øvingsaktivitet, var det onsdag kveld endeleg klart for årets Grand Prix på Skodje ungdomsskule. Etter ein ganske jamn konkurranse med mange gode innslag, gjekk 10B av med sigeren med sitt nummer om eldreomsorga på Skodje. På ein god andreplass kom 10A, medan nykommarane 8A slo til med ein flott tredjeplass. Vi gratulerer!

Publisert 10.02.2013
sigve_og_co.jpg

For eit par veker sidan hadde vi besøk av tidlegare elev og assistent, Sigve Ferstad og to skulekameratar frå Bildøy bibelskule i Bergen. Dei var på turné på våre kantar, og tilbrakte ein av dagane hos oss på ungdomsskulen. 

Publisert 23.01.2013
klassequiz_1.jpg

Måndag 21.01 deltok eit lag frå Skodje Ungdomsskule i ei radiosendt kvalifiseringsrunde i NRK si kunnskapskonkurranse ”Klassequizen”. På laget stilte tiandeklassingane Anna Haram, Mathias Myklebust og Mats Ostnes Johnsen. 



Publisert 19.12.2012

Vi vil med dette ønskje alle våre brukarar ei retteleg god jul og eit godt nytt år!

Onsdag 2.januar er det studiedag for lærarane i Gomerhuset, medan første skuledag for elevane er torsdag 3.januar

Vél møtt! 

Publisert 08.11.2012
skolecupen_5f_ny_to_kolonner.jpg

Flott innsats av dei åtte ungdommane som var med på semifinalane i skulecupen i friidrett i Sykkylven fredag 2.november. Våre lokale friidretts-heltar Åshild Opsal (8.kl), Toralv Opsal (9.kl) og Alice U. Berg (10.klasse) gjorde det svært bra, og gjekk alle vidare til finalen som vert arrangert 10.mai 2013 i Molde. Vi gratulerer med innsatsen! 

Publisert 30.10.2012
skolecupen_5f_ny_to_kolonner.jpg

Etter initiativ frå våre flinke friidrettsutøvarar Alice U. Berg, Åshild og Toralv Opsal melde vi inn resultat frå klassene til Skulecupen i friidrett som friidrettskretsen i Møre og Romsdal arrangerer.  Førstkomande fredag er det klart for semifinalar i Sykkylven. 

Publisert 14.10.2012


Elevane som gjekk ut av Skodje ungdomsskule i vår gjorde det godt både på skriftleg og munnleg eksamen. Når det gjeld grunnskulepoeng, er resultata også der svært gledelege. Kanskje like gledeleg er det at skulen vår  i år også skårar godt på Elevundersøkinga, der mellom anna både læringsmiljø og trivsel vert målt. 

Publisert 28.09.2012

For tida vert det arbeidt spesielt med å forbetre lese- og skrivekompetansen til elevane i Skodjeskulen.  Lærarane har felles studiedagar med temaet, og ein jobbar både internt på skulane og med felles samlingar der lærarane samarbeider for å oppnå betre resultat på sikt. I ungdomsskulen spesielt, vil det å kunne lese og skrive i faga vere avgjerande for læringsutbytte og resultat.

Publisert 04.09.2012
trine_r._stette.jpg

Fleire både noverande og tidlegare elevar hevdar seg sterkt i idrett- og kulturliv. Ikkje minst gjeld det Alice Ulla Berg, som vi vil høyre meir om om litt. Også to elevar som gjekk ut av tiandeklasse i vår har sett Skøyebygda og sitt eige namn på kartet over sommaren.

Publisert 03.09.2012
alice.jpg


Alice Ulla Berg går i tiandeklasse ved Skodje ungdomsskule. I fleire år har ho vore blant dei mest talentfulle friidrettsutøvarane i Noreg. På ungdomssmeisterskapen i friidrett på Askøy førre veke vann ho gull i klassene 100m og 200m, med tidene 12.66 og 25.66.  Vi gratulerer!


Publisert 03.09.2012


Då er vi allereie godt i gang med skuleåret 2012-2013. Så langt ser dette ut til å bli eit godt år ved Skodje ungdomsskule. Dei nye 8.klassingane var nok svært spente ved skulestart, men vi trur at dei vil vere med på å skape ei flott tid her hos oss. Det ser ut til at dei er ein gjeng med flinke og arbeidssame elevar.

Vi ønskjer dei og alle andre lukke til med det nye skuleåret!

Publisert 12.06.2012

Denne våren har dei tre 9.klassene på Skodje ungdomsskule gjennomført entreprenørskapsprogrammet Økonomi og karriereval. Det kan du lese meir om på denne lenkja

Publisert 07.06.2012

I perioden 11.-14.juni skal tiandeklassingane ved Skodje ungdomsskule gjennomføre munnleg eksamen. For dei betyr det fullt fagleg fokus, medan for åttande og niande klasse betyr det som regel turar i det fri.

Publisert 31.05.2012
eksamen.jpg

I dag er det klart for skriftleg eksamen i engelsk ved Skodje ungdomsskule. Elevane fekk tilgang til førebuingsdelen på tysdag kl. 13.00, og har brukt dei to siste døgna til å førebu seg på årets tema.

Publisert 25.05.2012

I det strålande sommarveret torsdag, var 10A og slo av seg nokre eksamensnervar på golfbana på Solnør. Nokre var litt meir "pro" enn andre, men kjekt var det for alle. Godt hjelpt av våre eigne to golfspelarar, Karoline B. Ekornes og Helene R. Misund, gav golfpro Leslie Stewart 10.klassingane ein fin introduksjon til golfsporten. Dei andre tiandeklassene skal til golfbana i dag og på tysdag. Takk til Leslie og Aalesund golfklubb for fine dagar på Solnør!

Publisert 15.05.2012
rektor_taler.jpg

I dag klokka 09.00 fekk spente elevar og lærarar beskjed om kva som vert årets skriftlege eksamensfag ved Skodje ungdomsskule. Det var tilløp til jubel då rektor Haldor Aasebø kunne fortelje at i år skal avgangselevane opp til eksamen i engelsk.

Publisert 01.05.2012


Dansens Dager er ei nasjonal markering, som elevar ved Skodje ungdomsskule har tatt del i. Dansens Dager 2012-dansen blei laga av streetdance-koreograf og dansar Mathias Jin Budtz, og denne har elevar frå 8. og 9. trinn øvd inn. 

Publisert 29.04.2012
saltkatedralen.png

Torsdag kveld førre veke, kom 58 elevar pluss foreldre og lærarar tilbake til Skodje ungdomsskule etter ein fantastisk flott skuletur til Berlin og Krakow. I tillegg til ei feiring av ti års skulegang i Skodjeskulen, vart turen ei lærerik oppleving for alle som var med.

 

Publisert 16.04.2012

Etter ein teoritung periode sidan vinterferien, som kulminerte med munnleg prøve-eksamen denne veka, er det endeleg klart for årets høgdepunkt for 10.klassingane.

 

Publisert 09.04.2012

10.klassingane skal opp til ein skriftleg og ein munnleg eksamen. Skriftleg eksamen for grunnskulen, skal gå føre seg i perioden 15.mai til 31.mai, medan munnleg eksamen skal gå føre seg i perioden 11.-14.juni.

Publisert 01.03.2012
gp10a_stuck.png

Torsdag 1.mars, gjekk fristen får å søke vidaregåande skule ut. Dei siste par månadane har dette vore eit heitt tema for 10.klassingane, og på tysdag var NRK på besøk for å lage ein reportasje om dette.

Publisert 17.02.2012
stuck_i_utdanningsvalet.jpg

Onsdag 15.februar gjennomførte ungdomsskulen årets happening, Grand Prix. Med fullsatt sal og heile Gomerhuset i bruk - fekk elevar, lærarar og publikum ei stor oppleving.

Publisert 09.02.2012
cabaret1.jpg

I dag var 10.trinnet på tur til Ålesund for å sjå og høyre elevar frå Fagerlia vgs. framføre revyen Cabaret i Parken kulturhus. Det vart ei flott oppleving. 

Publisert 27.01.2012

Laurdag 4.februar kl. 17.00 er det klart for UKM i Gomerhuset. Påmeldingsfrista går ut den 29.januar kl. 23.00, så det er framleis mogleg å melde seg på! 9.trinnet ved Skodje ungdomsskule står som arrangør. 

Publisert 07.01.2012
besoek_fraa_tidlegare_elevar.jpg

Ein kjapp invitasjon då vi var på hospitering i Vika i haust var nok. Fredag møttest nokre av våre tidlegare og noverande 10.klassingar til uformell yrkesrettleiing og kos i lag. 

Publisert 21.12.2011
cimg2706.jpg

Om lag samstundes som bygginga av Gomerhuset vart sett i gong, starta ei gruppe ungdomsskuleelevar med å byggje ei grindløe. Og faktisk før Gomerhuset fekk sitt namn, vart det bestemt at løa skulle heite Gomerløa. Fredag var det offisiell opning.  

Publisert 18.11.2011
Gomerdag

Torsdag 17.november arrangerte elevrådet ved SUS tidenes andre "Gomerdag". Gomerdagen er ein aktivitetsdag der alle elevane på ungdomsskulen er med på ballspelaktivitetar i idrettshallen. I år var det volleyball og kanonball som stod på programmet.

Publisert 02.11.2011
Trening etter skuletid

Frå og med neste onsdag vert det trening etter skuletid i Gomersalen for alle elevane på ungdomsskulen som ønskjer det. Så langt i haust har tilbodet vore særskilt for 10.klassingane, då dei har drive med eit eigentreningsprosjekt i kroppsøving. 

Publisert 02.11.2011

Førre veke kom seks engasjerte franskelevar og lærarar tilbake frå eit minnerikt møte med andre europearar på grensa mellom Luxemburg, Belgia, Tyskland og Frankrikel

Publisert 02.11.2011

For vel fjorten dagar sidan, var ein gjeng elevar frå ungdomsskulen på ekskursjon til Ytste-Skotet. Dei var invitert med av Geir Ola Vatne, som jobbar hos oss som lærar, assistent og miljøarbeidar. Han er også med i Storfjordens Venner og ordna dugnadsopphald på Skøtet for desse arbeidssame 9. og 10.klassingane.

Publisert 11.09.2011

Fredag 9.september vart det halde skuleval på Skodje ungdomsskule. Elevrådsstyret fungerte som valnemnd og leia valet på ein glimrande måte. Valet vart gjennomført elektronisk på læringsplattforma Fronter.

Publisert 30.06.2011

Hovudregelen er at alt fråvær på 8., 9. og 10.trinn skal førast på vitnemålet etter 10.trinn.

Eleven eller dei føresette kan kreve at inntil 10 skuledagar fråvær per skuleår ikkje vert ført på vitnemålet. Det er berrre heile dagar som kan strykast, ikkje einskildtimar. Eleven kan også kreve at skulen legg ved ei grunngjeving for fråværet til vitnemålet. 

Elevar kan kreve å få stroke dokumentert fråvær som skuldast:

  • helsegrunnar etter tredje dag
  • kronisk sjukdom eller funksjonshemming fra første dag
  • innvilga permisjon frå første dag

​Dokumentert fråvær vil seie at eleven har fått innvilga permisjon eller leverer ei legeerklæring. 

KjeldeUtdanningsdirektoratet

 

Korleis gå fram?

Ved  permisjonar på ein dag, ber vi om at føresette søkjer skriftleg til kontaktlærar om dei ønskjer at fråværet skal strykast. 

Ved permisjonar på meir enn ein dag, ber vi om at føresette kryssar av på søknadsskjemaet om de ønskjer at fråværet skal strykast.

Ved dokumentert fråvære som skuldast helsegrunnar, ber vi om at føresette søkjer skriftleg til rektor eller kontaktlærar seinast 1.juni kvart skuleår.

Publisert 30.06.2011
Danseglade danseinstruktørar

Strålande solskin og suggerande rytmer var ramma då nyplassen mellom ungdomsskulen og Gomerhuset uoffisielt vart opna på fredag. Dansens dag skulle feirast, og bortimot alle elevane på Skodje ungdomsskule lina seg opp til tidenes danseshow på Skøye.

   

Skriftstørrelse

a - a - a

Kontaktinformasjon

Skodje ungdomsskule
Stadionvegen 23
6260 Skodje
E-post : skodje.usk@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 45 70

Faks
: 70 24 45 80