Kva skjer?

juli 2017
tyontofrla
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456
Komande hendingar
   

Søk barnehageplass 2017 / 2018

Vått og kjekt - Klikk for stort bilete Skodje kommune har samordna opptak for dei fem barnehagane i kommunen Skodje, Prestemarka, Stette, Valle og Plassebakken.

Fristen for å søkje barnehageplass ved hovudopptak for komande barnehageår, med oppstart 15.august er: 1. mars 2017.

Ved ledig kapasitet vert nye søknader handsama fortløpande.

Det må søkjast elektronisk og du finn søknadsskjema på Skodje kommune sin Portal for oppvekst.
Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. I samband med søknad om barnehageplass er det obligatorisk å fylle ut e-postadresse. Du får svar elektronisk. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. 
Søknadsskjema  


Ønsker du å endre barnehageplassen,seie opp plassen, eller bytte barnehage gjer du dette også i Portal for oppvekst.

Søknader som står på venteliste for 2016-17 vert automatisk overført til hovudopptak for 2017-18.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til
Skodje kommune, 6260 Skodje
Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket.

Rett til barnehageplass
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd informajson om lovfesta rett til barnehageplass; https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk-barnehage/rett-til-barnehageplass/


Dersom du har spørsmål om søknad om barnehageplass, ta kontakt med Janne Aamelfot på e-post janne.aamelfot@skodje.kommune.no eller tlf. 70 24 48 11.

 

Sist endra 24.02.2017
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri