Kva skjer?

februar 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627281234
567891011
Komande hendingar
   

Søk barnehageplass 2018 / 2019

Vått og kjekt - Klikk for stort bilete Skodje kommune har samordna opptak for dei fem barnehagane i kommunen Skodje, Prestemarka, Stette, Valle og Plassebakken.

Fristen for å søkje barnehageplass ved hovudopptak for komande barnehageår, med oppstart 15.august er: 1. mars 2018.

Ved ledig kapasitet vert nye søknader handsama fortløpande.

Det må søkjast elektronisk og du finn søknadsskjema på Skodje kommune sin Portal for oppvekst.
Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. I samband med søknad om barnehageplass er det obligatorisk å fylle ut e-postadresse. Du får svar elektronisk. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. 
Søknadsskjema  


Ønsker du å endre barnehageplassen,seie opp plassen, eller bytte barnehage gjer du dette også i Portal for oppvekst.

Søknader som står på venteliste for 2017-18 vert automatisk overført til hovudopptak for 2018-19.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til
Skodje kommune, 6260 Skodje
Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket.

Rett til barnehageplass
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd informajson om lovfesta rett til barnehageplass; https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk-barnehage/rett-til-barnehageplass/


Dersom du har spørsmål om søknad om barnehageplass, ta kontakt med Janne Aamelfot på e-post janne.aamelfot@skodje.kommune.no eller tlf. 70 24 48 11. Eller Monica Klokk Sæterøy på monica.klokk@skodje.kommune.no 

 

 

Sist endra 16.02.2018
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a