Søk barnehageplass 2019/2020

Vått og kjekt - Klikk for stort bilete Skodje kommune har samordna opptak for dei fem barnehagane i kommunen Skodje, Prestemarka, Stette, Valle og Plassebakken.

Fristen for å søkje barnehageplass ved hovudopptak for komande barnehageår, med oppstart 15.august er: 1. mars 2019.

Ved ledig kapasitet vert nye søknader handsama fortløpande.

Det må søkjast elektronisk og du finn søknadsskjema på Skodje kommune sin Portal for oppvekst.
Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. I samband med søknad om barnehageplass er det obligatorisk å fylle ut e-postadresse. Du får svar elektronisk. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. 
Søknadsskjema  


Ønsker du å endre barnehageplassen,seie opp plassen, eller bytte barnehage gjer du dette også i Portal for oppvekst.

Søknader som står på venteliste for 2018-19 vert automatisk overført til hovudopptak for 2019-20.

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til
Skodje kommune, 6260 Skodje
Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket.

Rett til barnehageplass
Utdanningsdirektoratet har utarbeidd informajson om lovfesta rett til barnehageplass; https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk-barnehage/rett-til-barnehageplass/

I samband med at kommunane Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund skal slåast saman til Nye Ålesund kommune frå 01.01.20, vil det kome endringar i vedtekter og prisar frå 01.01.20.

For opptak i barnehage og SFO i 2019 vil Skodje kommune sine vedtekter for barnehage og SFO gjelde. Det samme gjeld for prisar fastsett i Skodje kommune sitt betalingsregulativ.

Frå 01.01.20 vil den nye kommunen sitt betalingsregulativ gjelde.

For opptak f.o.m. 01.01.20 vil den nye kommunen sine vedtekter gjelde.


Dersom du har spørsmål om søknad om barnehageplass, ta kontakt med Janne Aamelfot på e-post janne.aamelfot@skodje.kommune.no eller tlf. 70 24 48 11. Eller Rasa Pukelyte-Sæther på rasa.pukelyte@skodje.kommune.no 

 

 

Sist endra 30.01.2019