Kva skjer?

mai 2017
tyontofrla
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
   

Søknad om opptak til kulturskulen 2017/18

Kulturskulen tilbyr skuleåret 2017/2018 opplæring i piano, song, messinginstrument og trommer .

Her søkjer du!

NB! Berre dei som ønsker nytt tilbod, skal søkje. Elevar som har tilbod og vil halde fram neste skuleår, skal ikkje søkje på nytt.

Søknadsfristen for 2017/2018 er sett til 5. juni.

 

Informasjon om tenesta

Kva kan du forvente av oss?
- lærarar som set eleven i sentrum.
- lærarar som fortel kva som må til for å ha god utvikling i opplæringa.
- lærarar som prøver å gi tilbod om samspel, og legge til rette slik at alle som vil, får opptre for publikum minst ein gong pr skuleår.
- lærarar som tek kontakt med føresette minst ein gong pr skuleår for å drøfte krav, forventningar og utvikling.
- informasjon blir gitt på mobil, epost og heimesida.
- det vil bli teke kontakt dersom ein elev er borte utan melding to gonger etter kvarandre.

Kva forventar vi av brukarane?

Vi forventar at elevane:
- øver dagleg. Det er betre å øve 15 min kvar dag enn to timar ein gong pr veke.
- kjem presis til undervisning.
- melder frå om fråvær til lærar eller rektor.

Vi forventar at føresette:
- motiverer for og følgjer opp dagleg øving.
- tek del i eit systematisk samarbeid med kulturskulen .
- gir melding om endra e-postadresse og telefonnummer.

 

Litt om tilboda i kulturskulen:

All undervisning går føre seg på Gomerhuset!

Messing-/trommeopplæring
Frå 3. trinn. Individuell opplæring. Skodje skulekorps held med instrument.
Kulturskulen gir individuell opplæring på messingblås og trommer. Dei to første åra er aspirantopplæring.
Det er råd å halde fram med individuell opplæring på messingblås også etter at aspiranttida på 2 år er over.

Lærar: Jan Helge Andreassen
Tlf: 92 28 27 01
Epost: janhelge.andreassen@mimer.no

Piano
Frå 1. trinn. Individuell opplæring.
Alle må ha instrument heime dei øver på.

Lærar: Marc Labruijere
Tlf: 92 41 43 52
Epost: marclabru33@gmail.com

Song
Frå 5. trinn. Individuell opplæring.

Lærar: Maria Hiteva
Tlf: 41 01 87 41
Epost: mvpiano@gmail.com

 

Pris:
Individuelle tilbod: kr 2980,- pr. år (justert pr 01.01.17)
Gruppetilbod: kr 2260,- pr. år (justert pr 01.01.17)

 

De kan få sett litt av det som skjer ved kulturskulen anten på:

Kulturskulen si facebookside eller

Youtube, kanal pianoelev marc
 

Skodje kulturskule
6260 Skodje
Tlf 70 24 41 90

E-post magne.fylling@skodje.kommune.no
Einingsleiar for kultur og rektor for kulturskulen: Magne Fylling 70 24 41 90

 

 

Sist endra 09.05.2017 12:25
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri