Kva skjer?

november 2018
tyontofrla
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012
3456789
Komande hendingar
   

Sterke eksamensresultat for 10.trinnet

eksamen.jpg - Klikk for stort bilete Årets 10.trinn ved Skodje ungdomsskule har gjennomført avgangseksamen i grunnskulen med gjennomsnittskarakterar som ligg godt over landssnittet, på både skriftleg og munnleg eksamen.

Munnleg eksamen

Under munnleg eksamen i juni, kom tiandeklassingane opp i faga norsk, engelsk, naturfag, samfunnsfag og KRLE. Munnleg eksamen er lokalt utarbeidd og gjennomført av faglærar, men vert vurdert av ein ekstern sensor.

Det samla resultatet ved Skodje ungdomsskule viser eit karaktersnitt på 4,8, mot eit nasjonalt snitt i same faga på 4,4 i 2017. 

 

Skriftleg eksamen

Under sentralgitt skriftleg eksamen i mai, kom dei tre tiandeklassene opp i kvar sine fag; norsk, engelsk og matematikk. Norsk har to eksamenar, ein i hovudmål og ein i sidemål. Eksamenssvara vert vurdert av to eksterne sensorar. 

Sensuren fall onsdag 20.juni, og dei førebelse resultata for Skodje ungdomsskule viser eit samla karaktersnitt på over 4, med høvesvis 4,3 i matematikk, 4,2 i engelsk og 3,8 i norsk (h+s).

Til samanlikning er det nasjonale snittet på årets skriftlege eksamen samla sett 3,6, med høvesvis 3,6 i matematikk, 3,7 i engelsk og 3,5 i norsk (h+s).

I Møre og Romsdal, ligg det samla snittet på 3,5, med 3,5 i matematikk, 3,6 i engelsk og 3,45 i norsk (h+s).

 

Mange toppkarakterar

Totalt sett var det berre 3,5% av elevane som oppnådde toppkarakter på skriftleg eksamen i Noreg i 2017. Til samanlikning greidde 17% av elevane det under årets skriftlege eksamen ved Skodje ungdomsskule. 

Også under munnleg eksamen var det mange som slo til med toppkarakter. Heile 28% av elevane ved Skodje ungdomsskule fekk karakteren 6 på munnleg eksamen.

Det var ingen elevar som fekk lavaste karakter, verken på munnleg eller skriftleg eksamen. 

 

Liten variasjon i landsgjennomsnitt

Landsgjennomsnittet på skriftleg eksamen varierer lite år for år, sjølv om ein ser ein liten auke siste åra - særleg i matematikk. Dersom ein ser på dei siste fem åra under eitt, er gjennomsnittskarakteren i matematikk 3,2, engelsk 3,7, norsk hovudmål 3,5 og norsk sidemål 3,2.

For munnleg eksamen ligg den stabilt rundt 4,4 samla sett i dei faga som elevane vart trekt ut i lokalt.

 

Oppsummering

Skodje ungdomsskule ligg altså bortimot ein halv karakter høgare i gjennomsnitt på både skriftleg og munnleg eksamen i 2018 enn nasjonen elles. I tillegg leverer langt fleire toppkarakterar, både på skriftleg og på munnleg eksamen.

Sjølv om det nasjonale snittet har auka noko for årets skriftlege eksamen i høve til tidlegare år, er dette signifikante tal som viser at det faglege nivået har vore særs høgt på årets avgangskull. 

Det samla snittet for Møre og Romsdal ligg dessutan lavare enn landssnittet, så Skodje ungdomsskule skil seg positivt ut også i fylket.

Vi gratulerer elevane våre med glimrande resultat på eksamen, og ønskjer dei lykke til på VGS!

 

Kjelder

Skoleporten

Utdanningsdirektoratet

 

10.trinnet kunne feire strålande eksamensresultat under vitnemålsfesten torsdag 21.juni - Klikk for stort bilete10.trinnet kunne feire strålande eksamensresultat under vitnemålsfesten torsdag 21.juni

Sist endra 11.09.2018 14:41
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a