Trafikktryggingsplan - Oppstart av planarbeid

Skoleskyss_folderbanner.jpg - Klikk for stort bilete Skodje kommunestyre vedtok i budsjett- og handlingsprogrammet for 2019 (PDF, 3 MB)å sette av midlar til revidering av trafikktryggingsplanen.

Planarbeidet skal byggje på tidlegare vedteken trafikktryggingsplan for kommunen. Hovudmålet med planarbeidet er å kartleggje trafikkfarlege stader og å prioritere fysiske og haldningsskapande tiltak.

Det er lagt opp til at trafikktryggingsplanen skal omfatte eit handlingsprogram. Dette skal syne kva for tiltak som skal prioriterast, og vil såleis liggje til grunn for seinare detaljplanlegging, utbygging og andre aktivitetar.

Rambøll AS vil stå for planarbeidet, og vil mellom anna nytte gjeldande trafikktryggingsplan og anna eksisterande kunnskapsgrunnlag i utarbeiding av ny plan.

I første fase av planarbeidet ønskjer vi å få innspel frå innbyggjarane om trafikkfarlege stadar og stadar som opplevast utrygge for dei som ferdast der.

Frist for innspel er sett til 1.3.2019.

Gi innspel

Nyttige lenkjer:

Hjartesone - Tryggare skuleveg - Trygg Trafikk
Trafikktryggingsplan 2002 - 2005 (2013) (PDF, 247 kB)

Sist endra 06.02.2019 07:48