Kva skjer?

mars 2017
tyontofrla
272812345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789
Komande hendingar
   

Ungdata-undersøking i Skodje 2017

På oppdrag frå Skodje kommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region midt-Norge (KoRus Midt-Norge) ei kart­legging av viktige sider ved livsstilen og levekåra til ungdom i kommunen.

Undersøkinga går føre seg i veke 13, og det tek om lag éin time å svare på alle spørsmåla. Ungdomane vel sjølve om dei vil vere med på undersøkinga.

Føremålet med undersøkinga er å få meir kunnskap om korleis det er å vere tenåring i Skodje. Resultata skal bli brukt som grunnlag for ungdomspolitikken i åra som kjem, og til å vurdere satsingsområde i det førebyggjande ungdomsarbeidet.

Målet er å få informasjon som kan bli brukt til å betre oppvekstmiljøet i kommunen.

 

Kort presentasjon av prosjektet

Kartlegginga vert gjennomført som ei Ungdata-undersøking. Dette er eit spørjeskjemaopplegg som norske kommunar bruker for å skaffe seg oversikt over kvardagslivet til og folkehelse­situasjonen blant ungdom i kommunen (www.ungdata.no). Tilsvarande undersøkingar vert gjennomførte ei rekke stadar i landet. 

Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med data frå tilsvarande ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

Undersøkinga omfattar spørsmål om kva ungdom gjer på fritida, og kva slags oppfatningar dei har om seg sjølve og andre. Undersøkinga vil gje svar på mange spørsmål: Kor fornøgde er ungdom i Skodje med livet sitt – og korleis likar dei seg på skulen, i fritida, saman med vennene og i nærmiljøet? Kva bruker ungdom tida si til når dei ikkje er på skulen? Kor mange er med i idrett og andre organiserte aktivitetar? Korleis opplever dei unge foreldra sine? Er det mange som vert mobba av jamaldra? Kor mange av dei unge har erfaringar med alkohol, tobakk og narkotika? Dette er eksempel på tema som undersøkinga dekker.

Grundig informasjon om undersøkinga (PDF, 218 kB)

Sist endra 10.03.2017 11:53
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 3910.23.89682
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri