Kva skjer?

oktober 2018
tyontofrla
24252627282930
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234
Komande hendingar
   

Vedtak av tre vegnamn i områda Håem og Tøssebru

Formannskapet - sak 33/18: Det er gjort følgjande vedtak i saka:
 
1. Vegnettet på næringsområdet på Håem får namnet Håem næringsområde.
Vegparsellen på Håem får namnet Karlvikvegen.
Vegparsellen på Tøssebru får namnet Tøssebruvegen.

2. Vedtak om adressenamn skal etter stadnamnlovas § 6 andre ledd, kunngjerast i minst to aviser som er lesne på staden, eller gjerast kjent på anna høveleg måte. Det er naturleg at vedtaket blir kunngjort på kommunen sine nettsider.
3. Vedtak om adressenamn skal sendast direkte til den regionale stadnamntenesta og eventuelt andre statlege organ som skal bruke namnet i tenesta. I tillegg skal alle vedtak om adressenamn rapporterast til Sentralt stadnamnsregister, SSR. Innmelding til SSR må inkludere adressenamn, representasjonskoordinatar og adressekode.
4. Klage: Etter stadnamnlova er det berre skrivemåten av adressenamn som kan påklagast, og ikkje sjølve namnevalet. Det er først og fremst lokale organisasjonar med tilknytning til namnet som har klagerett. Klageretten gjeld også for andre offentlege organ og verksemder, som for eksempel Statens kartverk og andre som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta. Klaga skal sendast til vedtaksorganet, det vil seie til kommunen i saker som gjeld gate og vegnamn (adressenamn). Dersom klagaren ikkje får medhald av kommunen, skal saka sendast til Klagenemnda for stadnamnsaker. Klagenemndas vedtak er endeleg.
 

Sist endra 18.06.2018 15:02
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a