Kva skjer?

november 2017
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar
   

Vi ønsker mange kandidatar til kultur- og eldsjelpris 2017

Eit myldrande folkeliv var det i Idrettshallen under Familiedagen..JPG - Klikk for stort bilete I år vil Skodje kommune tildele både kulturpris og eldsjelpris.

Utan frivillege lag og dugnadsinnsats ville det sett annaleis ut i både bygd og by. 

Kor, korps, idrettslag, teaterlag, ungdomslag, speidar, barneforeiningar, velforeiningar og mange andre legg til rette for sosiale og kulturelle møteplassar - og med det meiningsfulle aktivitetar som skaper trivsel og tilhøyrsle.

Forslag på kandidatar skal sendast som epost til magne.fylling@skodje.kommune.no eller i brev til Skodje kommune, Rådhuset, 6260 Skodje, med frist 15. sept. 2017.

Eldsjelprisen skal gå til ein person som har ytt ein særleg stor friviljug innsats i Skodje kommune. Arbeidet skal vere knytt til humanitære eller kulturelle tilhøve i kommunen.

Kulturprisen skal tildelast ein person eller organisasjon som har ytt ein særleg stor innsats i Skodje kommune for å fremje kulturarbeidet eller gjere kultur tilgjengeleg for innbyggarane.

 

 

Sist endra 13.09.2017 07:27
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri