Kva skjer?

april 2017
tyontofrla
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
1234567
Komande hendingar
   

Vi vil fram

"Vi vil fram" - Terminalen 27. april 2017 - Klikk for stort bilete Korleis er din reiseveg? Kva ønskjer du av kollektivtilbodet i kommunen og kommunane rundt? Vi vil høyre di stemme og gjerne sjå deg på Terminalen i Ålesund 27. april.

I neste veke vil dette vere staden der du som ungdom, student, ung vaksen eller bare aktiv brukar av det kollektive tilbodet i regionen vår, kan vere med på ein kveld med erfaringsdeling og åpen diskusjon. Og arrangementet er gratis!
 

Kva går kvelden ut på?

 
17.30 Velkomen
17.45 Kva veit vi om ungdom og kollektivtilbodet? v/Harald Martin Hjelle, Professor ved avd. for logistikk på Høgskolen i Molde.
18.20 Status og planar for kollektivtilbodet i Ålesundsregionen med hovedfokus på ungdom v/Gry Halvorsen, rådgiver og Konrad Lillevang, seksjonsleder Møre og Romsdal fylkeskommune.
18.50 Kva meiner du?
19.30

Paneldiskusjon
I panelet: Representantar frå ungdomspartia SU,
AUF, UH, FPU.
Harald Martin Hjelle, Høgskolen i Molde
Gry Halvorsen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Konrad Lillevang, Møre og Romsdal fylkeskommune
Gjermund Kvernmo Langset, leiar Studentparlamentet NTNU i Ålesund

20.00 Arrangementet er slutt

 

Kven står bak?

"Vi vil fram" vert arrangert av Region Ålesund i samarbeid med ungdomsråda i kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Kvar kan eg melde meg på?

Meld deg no på facebookarrangement for oppdateringar, slik at du den 27. april  er klar for å si di meining om kollektivtilbodet.

Velkomen!

Sist endra 19.04.2017 15:00
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Rådhuset
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Org.nr.
: (fakturaadr. EHF) 964980454
Kontonr.
: 4212.23.24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr 9-14. Ons 10-14. Beredskapstlf. teknisk: 99 29 66 35

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a

Galleri