Kva skjer?

mai 2019
må.ty.on.to.fr.la.sø.
293012345
6789101112
13141516171819
20212223242526
272829303112
3456789
Komande hendingar
   

Vil du vere med å forme nye Ålesund?

Illustrasjon planar.jpg - Klikk for stort bilete Nye Ålesund kommune søker etter prosjektkoordinator som skal leie og koordinere arbeidet med å bygge den nye kommunen. Vi tilbyr spennande og utfordrande arbeidsoppgåver med kommunereforma! 

Kommunane Sandøy, Skodje og Ålesund har vedtatt å danne nye Ålesund kommune. Ørskog kommune tar stilling til om dei vil gå inn i arbeidet 24. november.


Oppgåver
Prosjektkoordinatoren skal forberede etableringa av nye Ålesund kommune saman  med styringsgruppa. Styringsgruppa skal legge til rette for den vidare prosessen i samanslåingsarbeidet og består av fem politikarar frå kvar kommune.


Det er også prosjektkoordinator si oppgåve å sørge for god dialog mellom dei deltakande kommunane og andre sentrale aktørar, sikre god informasjonsflyt om prosjektet til tilsette og innbyggarar og å ha sekretariatfunksjon og økonomistyring.


Fokusområde
Etter stortinget sitt vedtak våren 2017, vil det blir oppretta ei fellesnemnd med tre representantar frå kvar kommune. Nemnda har det formelle ansvaret for å førebu den nye kommunen i samsvar med intensjonsavtalen.

 

Sentrale fokusområde for styringsgruppa og seinare fellesnemnda sitt arbeid vil blant anna vere å:

  • Utarbeide mandat og arbeidsoppgåver for fellesnemnda.
  • Ta for seg eigarskap og interkommunalt samarbeid.
  • Effektiv og dynamisk organisering av den nye kommunen.
  • Bygging av felles kultur og identitet.
  • Arbeidsgivaransvar i omstillingsprosessen.

Kvalifikasjonar
Prosjektkoordinatoren blir tilsett i 100 % stilling ut 2017 med mogleg forlenging.


Den som blir tilsett må ha:

  • Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.
  • God kjennskap til kommunesektoren og kommunereforma.
  • Erfaring med prosjekt- og prosessleiing, samt omstillingsarbeid.
  • Erfaring frå offentleg verksemd/forvaltning.

Vi ønsker ein person som har gode samarbeidsevner og som er strukturert og sjølvstendig, ansvarsbevisst og tillitsskapande. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg.


Vi tilbyr
Til gjengjeld så kan vi love prosjektkoordinatoren spennande og utfordrande arbeidsoppgåver som inneber å vere med å forme nye Ålesund kommune. Du vil komme i tett kontakt med ulike fagmiljø, ha gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjonsordning.


Her er heile utlysningsteksten, søkeskjema og kontaktinformasjon om du har spørsmål:

Les meir om kommunereforma og arbeidet med nye Ålesund kommune:

Sist endra 13.12.2016 09:09
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a