Kva skjer?

januar 2019
tyontofrla
31123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar
   

Vil du vere med på UKM 2019?

UKM bilde.jpg - Klikk for stort bilete

UKM 2019 blir arrangert på Gomerhuset 3. februar 2019.
Du melder deg på her: www.UKM.no.

UKM er ei anledning til å by på seg sjølv og vise seg fram for publikum.

Dei som har deltatt eller vore publikum på UKM tidlegare, veit at mykje skjer frå scena i kultursalen, mest song, musikk og dans.
I tillegg har det blitt laga filmar som publikum har fått sett.
Ute i kantineområdet har det vore utstilling av forskjellig som ungdommar har laga. For det meste maleri og teikningar, men også andre produkt.
Vi vil med dette oppfordre unge mellom 10 og 20 år til kjenne på om dette er interessant å vere med på.

I så fall kan du melde deg på i tre kategoriar:
Sceneinnslag: Eigentleg alt som går an å gjere på scena – synge, danse, spele, stand-up, Cheer-leading, turn, sjonglering, teater………….. Innslaga bør ha ei varigheit på maksimum 5 min.
Film: Det kan vere å filme aktivitetar som ikkje kan utførast inne på scena. Det kan også vere å lage reportasje om eit emne. Eller at fleire rett og slett lagar ei forteljing som blir filmatisert, der de som ungdommar står både foran og bak kameraet. Også her er det ønskeleg med maksimum 5 min varigheit.
Utstilling: Det er mogleg å stille ut forskjellig som du har laga. Det kan vere teikningar, maleri, foto og handverksprodukt.

Magne Fylling, UKM-kontakt 
Epost: magne.fylling@skodje.kommune.no
Mobil: 48300559

Sist endra 11.12.2018 11:38
   

Kontaktinformasjon

Skodje kommune
Nihusvegen 3
6260 Skodje
E-post : postmottak@skodje.kommune.no
Telefon
: 70 24 40 00

Mobil
: Beredskap Teknisk: 99 29 66 35 Beredskap Barnevern 91 91 19 66
Org.nr.
: 964 980 454
Kontonr.
: 4212 23 24936
Kommunenr.
: 1529
Opningstid
: Må/ty/to/fr kl. 9-14. On kl.10-14.

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss

Skriftstørrelse

a - a - a